Bjugn kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjugn kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1627
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Botngård
Areal 381 km²
Folkemengd 4 665 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2003-) Arnfinn Astad (Ap)
Målform Bokmål
Nettstad www.bjugn.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1627.svg
Bjugn kommune på Commons
Utsyn over Eide i Bjugn

Bjugn er ein kystkommune som ligg på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag fylke. Han har fire tettstader med Lysøysund og administrasjonssenteret Botngård som dei største. Kommunen grensar til Åfjord i nord, Rissa i aust og Ørland i vest.

Kommunevåpenet til Bjugn viser eit ror i gullblå botn. Dette blei vedteke av kommunen i april 1987 og godkjent i statsråd i 1989.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bjugnfjorden, Tarvafjorden og Stjørnfjorden skjer inn i kommunen. Været og Karlsøya er øyar som ligg langt frå fastlandet sør i kommunen, medan Melsteinen ligg i nord.

Seksortklumpen på 490 moh. er høgaste fjellet, men det noko lågare Kopparn 483 moh. er eit meir imponerande og velkjent landemerke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange spor frå eldre jernalder i kommunen, for det meste gravhaugar, som ligg konsentrert i særskilde område langs kysten.

Sildefiske var lenge ein viktig næringskjelde i området som no er Bjugn kommune, og det blei etablert to fabrikkar for sildolje og sildemjøl her på 1950-talet.

I 1899 blei Bjugn delt opp herada i Stjørna, Bjugn og Nes. I 1964 blei herada Jøssund, Nes, Bjugn og nord-Stjørna slått saman til Bjugn kommune.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Engstorkenebb er kommuneblomen til Bjugn.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Mølnargården er bygdatun og museum for kommunen. Her blir kvart år det historiske spelet Mølnargårdsspellet, som skildrar Bjugn-historia frå steinalderen til 1900-talet, vist fram. Dette var det første utandørsspelet som blei laga til i Sør-Trøndelag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]