Bjugnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjugn kyrkje og Bjugnfjorden

Bjugnfjorden er ein fjord i Bjugn og Ørland kommune i Sør-Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 13 km austover til Botngård i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kjeungan i sør og Bjugnskjær ved Nes i nord. Tettstaden Uthaug ligg på sørsida av fjorden, like nord for Ørland hovudflystasjon. Fjorden er om lag 4,5 km brei ved innløpet, men vert gradvis smalare, særleg aust for Bjugnholmen, som ligg midt i fjorden. Like aust for Bjugnholmen ligg grendene Brandvika i nord og Ervik i sør.

Fylkesveg 721 går langs nordsida av fjorden ut til Mølnargården, og frå her går Fv115 vidare utover. På sørsida av fjorden går fylkesveg 710.