Blå time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Praia da Ursa, Sintra i Portugal. Den blå timen ved havet.
Blå time. Ystad 2018.

Den blå timen kjem av det franske uttrykket l'heure bleue, som syner til perioden med tussmørker kvar morgon og kveld når det korkje er fullt dagslys eller heilt mørkt, og himmelen har ei anna blåfarge enn om dagen. Fenomenet skuldast Rayleigh-spreiinga av sollyset.

Den blå timen vert rekna som spesiell på grunn av lyskvaliteten på denne tida av dagen, og både sjølve uttrykket og det naturfenomenet det refererer til, er mykje nytta i kunstnarisk samanheng og i populærkulturen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]