Blåbær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blåbær


Bieszczady Flora.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Rosales
Familie: Ericaceae
Slekt: Vaccinium
Vitskapleg namn
Vaccinium myrtilles

Blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som høyrer til lyngfamilien. Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantete greiner som blir brunaktige og vedete etterkvart, med tynne, elliptiske, takkete, lysegrøne blad som blir felte om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlege, krukkeforma blomstrar. Desse utviklar seg vidare til saftige bær med som mørkeblåe til svarte bær og kvitaktig blåe bær. Dei ulike fargane kjem av eit tynt vokslag. Fruktkjøtet er fiolett.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Blåbær er ein vanleg plante i store delar av Europa, med unntak av området kring Middelhavet. I Asia er han ganske vanleg i nord, men vanlegare i nordvest enn i nordaust. I Nord-Amerika finst ville blåbær berre lengst sør på Grønland. I Noreg veks det blåbær i store mengder i låglandet, og særleg i fuktig, sur jord ved skog eller heier. Blåbæra finst opp til 1700 m.o.h.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Bæra er tradisjonelt ettertrakta til safting og sylting, og dei var ei viktig råvare i matauken i Skandinavia i tidlegare tider. Næringsverdien var lenge rekna som moderat, men nyare forsking har vist at bæra er svært rike på antioksidantar. Dei inneheld dessutan C-vitaminar, og i tillegg garvestoff, fruktsyrer, flavonar, karotin, jarn og magnesium.

I folkemedisinen er bæra kjente for å verke stoppande ved magesjuke, og de skal òg ha effekt på diabetes. Sjølv om samanhengen enno er uklår, tyder nyare undersøkingar på at blåbær er svært gode for synet.

Namn på andre språk[endre | endre wikiteksten]

Merk at engelsk blueberry svarar til amerikanske blåbær, og at det engelske namnet for nordeuropeiske blåbær er bilberry. I Skottland blir likevel blaeberry bruka om blåbær.

  • Germanske språk: blåbær (nynorsk, bokmål, dansk), blåbär (svensk), blaeberry (skotsk), Blaubeere (tysk), blauwe bosbes (nederlandsk), bilberry (engelsk), Heidelbeere (tysk)
  • Romanske språk: arandeira (galego), mirtilo (portugisisk), Myrtille commune (fransk)
  • Uralske språk: mustikka (finsk) (av musta, «svart»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]