Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark
Område Nord-Trøndelag
Oppretta 17. desember 2004
Areal 000000000001924.00000000001 924 km²

Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark er ein av dei største nasjonalparkane i Noreg. Landskapet har både høgfjell og skogdalar med innslag av urskog.

Nasjonalparken vart oppretta i 1970 under namnet Gressåmo nasjonalpark i Snåsa kommune. Han vart kraftig utvida i 2004 og omfattar no areal i Verdal, Steinkjer, Grong, Snåsa og Lierne kommunar i Nord-Trøndelag.

Det offisielle namnet på parken er Blåfjella-Skjækerfjella/Låarte-Skæhkere nasjonalpark.

Verneformål[endre | endre wikiteksten]

Vernet av Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark har til formål å

  • ta vare på eit stort, samanhengande naturområde, som i det vesentlege er urørt av store tekniske inngrep,
  • sikre det biologiske mangfaldet med eit naturleg og variert plante- og dyreliv.

Bruk av nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

Folk skal ha høve til naturoppleving gjennom tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næringsutnytting. Området skal kunne brukast til reindrift.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]