Blåjerpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blåjerpe

Status i verda: LC Livskraftig

Hannfugl i spelFoto: US National Park Service, public domain
Hannfugl i spel
Foto: US National Park Service, public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Phasianidae
Slekt: Dendragapus
Art: D. obscurus
Vitskapleg namn
Dendragapus obscurus
Say, 1823

Blåjerpe (Dendragapus obscurus) er ein art av skogshøns med leveområde i Rocky Mountains i Nord-Amerika.[1][2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne hannar har fjørdrakt som i hovudsakleg er mørk, blågrå skiferfarga. Ved oppvising under spelet kan han syne ein lilla, naken, oppblåst hudsekk omgjeve av kvite fjør, og ein gul til raud augekam. Vaksne hoer er brunspraglete med mørk brune og kvite markeringar på undersida. Begge kjønn av vaksne har ein svart, lang og rektangulært forma hale, gråfarga mot enden.[2] Beina er fjørkledde. Hannar er monaleg større enn hoer, omtrentleg 47 til 56 centimeter og 1,1 til 1,4 kg mot 43 til 48 cm og 0,9 kg for hoer. [3]

Hekkehabitatet ligg i utkanten av bartreskog og blandaskog i fjellområda i vestlege Nord-Amerika, frå søraustlege Alaska og Yukon sør til New Mexico.[2] Utbreiingsområdet er nært knytt til førekomst av ulike bartre. Reiret er ei grop i bakken skjult under ein busk eller trestokk. Dei legg sju til ti egg i kullet, og ungane er godt utvikla og aktive rett etter klekking.[3]

Dei er standfuglar, men dei vandrar korte avstandar til fots og gjer korte flygingar til tettare skogsområde om vinteren, med den merkelege vanen å flytte opp til større høgder om vinteren, som eit omvendt vertikalt trekk.[1] Dei kan då trekke nær opp til tregrensa, opp til 3600 moh.[4]

Desse fuglane beitar på bakken eller i tre om vinteren. Då et dei hovudsakleg bar frå edelgran og douglasgran, tidvis òg frå hemlokk og furu. Om sommaren er andre grøne planter viktigare, så som bregnar, vier og bær. Dei et òg insekt, spesielt maur, biller og grashopper. Ungane er nesten heilt avhengige av insekt som føde dei første ti dagane.[1]

Hannar syng med djupe tut på territoriet og gjere korte flygingar med flagrande venger for å tiltrekke seg hoer. Hoene forlèt territoriet til hannen etter paring.

Blåjerpe er nært relatert til sotjerpe (Dendragapus fuliginosus), tidlegare var dei to rekna som ein einskild art.[1][2][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 del Hoyo, J., Elliott, A., & Sargatal, J., eds. (1994). Handbook of the Birds of the World 2: 401-402. Lynx Edicions, Barcelona ISBN 84-87334-15-6.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Sibley, D. (2000). The Sibley Guide to Birds. Knopf. s. 143. ISBN 0-679-45122-6. 
  3. 3,0 3,1 Retallic, Ken; Rocky Barker (2008-09). Wingshooter's Guide to Idaho Upland Birds and Waterfowl. Wilderness Adventures Press. ISBN 9781932098563. 
  4. BirdLife International (2011) Species factsheet: Dendragapus obscurus. Henta frå http://www.birdlife.org 23. oktober 2011
  5. Banks, R. C.; Cicero, C., Dunn, J. L., Kratter, A. W., Rasmussen, P. C., Remsen, J. V., Jr., Rising, J. D., & Stotz, D. F. (2006). «Forty-seventh Supplement to the American Ornithologists' Union Check-list of North American Birds». The Auk 123 (3): 926–936. doi:10.1642/0004-8038(2006)123[926:FSTTAO]2.0.CO;2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blåjerpe