Blåklokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blåklokke


Blåklokke
Blåklokke

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Klokkefamilien Campanulaceae
Slekt: Campanula

Linné

Art: C. rotundifolia
Vitskapleg namn
Campanula rotundifolia

Blåklokke ( Campanula rotundifolia ) er ein fleirårig opptil 10-15 cm høg plante i klokkefamilien.

Blåklokka har små nyre- eller hjarteforma grunnblad, som vert danna det første leveåret til planten, og lange, smale stengelblad. Stengelen er snau eller lett håra nedst. I fjellet har blåklokka ein stor blå blomsterklokke, vel 2 cm lang, i låglandet kan ho ha fleire, men mindre, blomstrar. I sjeldne tilfelle kan blomsterklokka vere kvit.

Blåklokke veks i open skog, på tørre bakkar, på slåtteeng og beitemark.

I Noreg er blåklokka vanleg over heile landet, underarten grøoenlandica veks opp til 2060 moh i Lom kommune. På Svalbard er ho funnen ved Colesbukta. Utbreiinga er elles sirkumboreal og sirkumpolar.

Namnet rotundifolia tyder 'rune blad' , og viser til grunnblada. Planten er blant dei vanlegste blomsterplantane i Noreg, og samstundes fell han lett i augo. Difor har han ein sterk kulturell posisjon. Mest kjend er songen «Blåklokkevikua» av Alf Prøysen.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blåklokke
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk