Blåkval
| Blåkval | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Kvalar | |
| Underorden: | Bardekvalar | |
| Familie: | Finnkvalfamilien | |
| Slekt: | Balaenoptera | |
| Art: | B. musculus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Balaenoptera musculus | ||
Blåkval, Balaenoptera musculus, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Blåkvalen blir 30 meter lang med ei kroppsvekt på 180 tonn og er dermed både det største dyret som lever i dag, og det største dyret me veit har eksistert nokon gong. Bestanden vart kraftig redusert av industriell kvalfangst på 1900-talet, og er i dag om lag 10 000 - 25 000 individ.
Blåkvalen finst i alle verdshava utanom i Arktis, men likevel så langt nord som til Svalbard. Tidlegare fanst den største bestanden i antarktiske farvatn, men på 1900-talet vart denne bestanden redusert med kanskje meir enn 97 % av industriell kvalfangst. Det vart registrert fangst av 340 000 dyr i antarktiske farvatn på 1900-talet. Nye overslag over den antarktiske bestanden er på om lag 1700 dyr. Arten vart freda på verdsbasis i 1966, men den siste fangsten vart registrert utanfor Spania i 1978.
Fangst av blåkval i norske farvatn tok til i 1868. Rundt århundreskiftet til 1900-talet var bestanden her allereie kraftig redusert. Etter 1914 vart det berre fanga om lag 1400 blåkval i alt i våre farvatn.[1] Bestanden i norske farvatn er no anslått til mellom 250 og 500 dyr, men stigande.[2]