Blåleire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåleire brakt opp frå eit djupt lag ved Århus i Danmark. Leira er særs finkorna.

Blåleire er ei vanleg nemning på uforvitra leire, særleg marin leire avsett under og etter istida. Han er blågrå, men ved forvitring blir han gulbrun fordi jernsambindingane blir oksidert. Teglstein av blåleire har raudgul farge. Seig, fin blåleire blir kalla blålums.

I område med store blåleireressursar har denne vore grunnlag for teglindustri, som hovudsakleg har produsert murstein og takstein av tegl.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]