Blåmaskemaurvaktar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blåmaskemaurvaktar

Status i verda: LC Livskraftig

Phaenostictus-mcleannani-001.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Phaenostictus
Art: P. mcleannani
Vitskapleg namn
Phaenostictus mcleannani

Blåmaskemaurvaktar, Phaenostictus mcleannani, er ein stor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae.

Han er monotypisk innanfor slekta Phaenostictus. Han finst i Colombia, Costa Rica, Ecuador, Honduras, Nicaragua og Panama. Dei naturlege habitata ligg i underskog av fuktige låglandsskog og skogsområde med høg sekundærvekst.

Arten er 19 centimeter lang og han veg rundt 50 gram. Rundt auget er det eit stort område med naken, blåfarga hud. Fjørdrakta varierer noko mellom dei tre underartar, men samla har dei ei grå krone, svart hals med eit gulbrun bryst som går over til ein svartflekka buk og rygg.

Blåmaskemaurvaktar lever hovudsakleg på insekt og leddyr, nokre gonger tar han små øgler. Mesteparten av bytet tar han ved å følgje vandremaurar, som skremmer bytet ut frå gøymestader. Han er rekna å vere ein fast tilhengjar av vandremaurar, som sjeldan beitar langt unna svermar. Blåmaskemaurvaktar er vanlegvis ein dominerande art når han beitar på vandremaur saman med andre maurfølgjarar som tanagarar og treløparar.

Sosialbiologien for denne arten er uvanleg for maurfuglfamilien. Eit hekkande par dannar kjernen i ei gruppe eller klan som inkluderer dei mannlege avkomma deira og makane deira. Desse klanane samarbeider for å forsvare territorium mot rivalar. Det opne koppforma reiret, med eit kull på to egg, vart nyleg skildra for første gong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buehler, D.M.; Castillo, A.I.; & J.D. Brawn (2004) First Nest Description for the Ocellated Antbird (Phaenostictus mcleannani). Wilson Bulletin 116 (3): 277–279 (Abstract.)