Blåskjel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blåskjel


Blåskjel frå sida, frå undersida og ope med overskore lukkemuskell
Blåskjel frå sida, frå undersida og ope med overskore lukkemuskell

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Blautdyr (Mollusca)
Klasse: Muslingar (Bivalvia)
Overorden: Isofilibranchia
Familie: Mytilidae
Slekt: Mytilus
Art: M. edulis
Vitskapleg namn
Mytilus edulis

Blåskjel (latin Mytilus edulis) ein muslingart i blåskjelfamilien. Han finst i salt- og brakkvatn i Atlanterhavet og Austersjøen. I Middelhavet finn ein den nærskylde Mytilus galloprovincialis. Skalet er frå blått til brunsvart på utsida, ljoseblått og kvitt på innsida. Skalet er opp til ti cm langt. Skala blir haldne saman av ein lukkemuskel. Skjelet pustar med gjeller. Skjela legg 5-12 millionar egg. Desse utviklar seg til larvar som driv i sjøen ein månads tid før dei festar seg på fast underlag som stein og anna ved hjelp av byssustrådar. Skjela lever i koloniar eller klyngar. Dei trivst best i oksygenrikt vatn, til dømes i tidvassona. Dei har vaksen storleik etter eit til to år.

Blåskjel lever av plankton dei filtrerer ut av sjøvatnet. Blåskjel er byttedyr for sjøstjerner, kvalross og einskilde fugle- og fiskeslag.

Blåskjel blir nytta som menneskemat. Under oppblomstring av særskilde algar kan skjela bli giftige.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Dyrking av blåskjel tok til i Frankrike på 1300-talet. I Noreg blir det dyrka blåskjel på sør- og vestlandet. Det var om lag 600 oppdrettsstader rundt om i landet i 2003. I 2002 blei det produsert 2 500 tonn blåskjel. Den totale marknaden i Europa er på om lag 100 000 tonn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]