Black Head i Dorset

Koordinatar: 50°38′15″N 2°23′15″W / 50.6376°N 2.3875°W / 50.6376; -2.3875
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Black Head er eit nes på sørkysten av England, aust for Weymouth i Dorset.[1] Det ligg på Jurassic Coast, ein verdsarvstad kjend for dei geologiske tilhøva her. Ein kan finne fossil i området.[2]

Neset vender ut mot Isle of Portland. Neset har fått namnet sitt, som tyder «Svart nes» av den svarte fargen på klippene her. Vest for neset ligg Redcliff Point og Bowleaze Cove. I aust ligg landsbyen Osmington Mills og bortanfor der Bran Point.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. B.M. Cox, Black Head Arkivert 2009-10-08 ved Wayback Machine., Geological Conservation Review.
  2. Ian West, Osmington Mills – Black Head; Geology of the Wessex Coast, 8. november 2007.

50°38′15″N 2°23′15″W / 50.6376°N 2.3875°W / 50.6376; -2.3875