Black Tie White Noise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Black Tie White Noise
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 5. april 1993
Innspelt 1992 i Mountain Studios, 38 Fresh Recording Studios og The Hit Factory
Sjanger Rock, blue-eyed soul, elektronisk
Lengd 68:16
Selskap Savage
Produsent David Bowie og Nile Rodgers
Kritikk
David Bowie-kronologi
Never Let Me Down
(1987)
Black Tie White Noise The Buddha of Suburbia
(1993)

Black Tie White Noise er eit album av David Bowie frå 1993 og var det første soloalbumet til Bowie i 1990-åra etter det kritisk mislykka eksperimentet med hardrockbandet Tin Machine og bryllaupet med supermodellen Iman Abdulmajid i 1992. Med seg på albumet hadde ha mellom andre den gamle gitaristen frå Ziggy Stardust-tida, Mick Ronson, som døydde av kreft seinare på året. I følgje Bowie sjølv var albumet inspirert av sitt eige bryllaup, og inneheld songar som «The Wedding», og ein repreise av denne songen mot slutten av albumet.

Tittelsporet «Black Tie White Noise» er inspirert av Los Angeles-opprøra i 1992 om rasisme i rettsystemet. Songen er ein duett med songaren Al B. Sure!

Songen «Jump They Say» er ein hyllest til halvbroren til Bowie, Terry Jones, som tok livet sitt etter å ha vorte innlagt for schizofreni i 1980-åra. Teksten set spørsmålsteikn ved einsarta tankegang hos massane, på liknande vis som dei tidlegare songane hans «All The Madmen» frå The Man Who Sold The World og «Mass Production» frå Iggy Pop sitt The Idiot.

Sjølv om enkelte kritikarar meinte det musikalsk sett var langt betre enn Let's Dance, var ikkje publikum sikker på om dei var klar for å ta i mot Bowie igjen. Albumet nådde likevel førsteplassen i Storbritannia med singlar som «Jump They Say» og «Miracle Goodnight». Fram til nyutgjevingar seinare i 1990-åra vart derimot albumet sjeldan å sjå etter at Savage Records, som albumet vart gjeven ut på, brått gjekk konkurs. Det vert ofte rekna som det merkelegaste avviket til Bowie, men Black Tie White Noise markerte byrjinga på den moderne tida hans.

Det har vorte indikert av mange kritikarar at det var namnet til Bowie heller enn musikken som hindra ein større kommersiell suksess og for å bevise dette vart det i 1993 gjevne ut anonyme club-remiksar av songen «Pallas Athena» på amerikanske dansegolv og vart store hittar.

For å markere 10-årsjubileet til albumet i 2003 vart det gjeve ut på nytt med ein ekstra bonusdisk med remiksar og sjeldne songar, samt ein bonus-DVD av Black Tie White Noise-videoen. Songar som «Real Cool World» (ein song frå filmen Cool World frå 1992) og «Lucy Can't Dance» (eit bonusspor frå det originale albumet) vart inkludert i lag med dansemiksar av mange av albumspora.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «The Wedding»     5:04
2. «You've Been Around»   Bowie, Reeves Gabrels 4:45
3. «I Feel Free»   Jack Bruce, Pete Brown 4:52
4. «Black Tie White Noise» (featuring Al B. Sure!)   4:52
5. «Jump They Say»     4:22
6. «Nite Flights»   Noel Scott Engel 4:30
7. «Pallas Athena»     4:40
8. «Miracle Goodnight»     4:14
9. «Don't Let Me Down & Down»   Tarha, Martine Valmont 4:55
10. «Looking for Lester»   Bowie, Nile Rodgers 5:36
11. «I Know It's Gonna Happen Someday»   Morrissey, Mark Nevin 4:14
12. «The Wedding Song»     4:29
  • På den indonesiske utgåva song Bowie songen «Don't Let Me Down & Down» på indonesisk.
  • Nile Rodgers vart ikkje tilskriven for «Looking for Lester» på den originale utgåva, men vart lagt til etter 2003.

Bonusspor på somme versjonar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jump They Say» (Alternate mix) – 3:58
    • Same som «JAE-E edit» frå singelen.
    • Denne miksen var ikkje med på 2003-utgåva
  2. «Lucy Can't Dance» – 5:45

+Den japanske utgåva hadde med «Don't Stop Praying»-miksen av «Pallas Athena» som eit ekstra bonusspor.

LP-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «You've Been Around»   4:45
2. «I Feel Free»   4:52
3. «Black Tie White Noise»   4:52
4. «Jump They Say»   4:22
5. «Nite Flights»   4:30
Side to
# Tittel Lengd
6. «Miracle Goodnight»   4:14
7. «Don't Let Me Down & Down»   4:55
8. «Pallas Athena»   4:40
9. «I Know It's Gonna Happen Someday»   4:14
10. «The Wedding Song»   4:29

Bonusspor på 2003-utgåva[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Real Cool World»   5:27
2. «Lucy Can't Dance»   5:48
3. «Jump They Say» (Rock Mix) 4:30
4. «Black Tie White Noise» (3rd Floor US radio mix) 3:44
5. «Miracle Goodnight» (Make Believe mix) 4:30
6. «Don't Let Me Down & Down» (Indonesian vocal version) 4:56
7. «You've Been Around» (Dangers 12" mix) 7:40
8. «Jump They Say» (Brothers in Rhythm 12" remix) 8:26
9. «Black Tie White Noise» (Here Come Da Jazz) 5:33
10. «Pallas Athena» (Don't Stop Praying remix no. 2) 7:24
11. «Nite Flights» (Moodswings Back to Basics Remix) 10:01
12. «Jump They Say» (Dub Oddity) 6:18

Bonus-DVD med 2003-utgåva[endre | endre wikiteksten]

  1. "Introduction"
  2. "With Lester Bowie"
  3. "On Reeves Gabrels"
  4. "You've Been Around" (Hollywood Center Studios, L.A., 5/8/93)
  5. "Expanding and Experimenting"
  6. "Nite Flights" (Hollywood Center Studios, L.A., 5/8/93)
  7. "Otherness"
  8. "Miracle Goodnight" (Hollywood Center Studios, L.A., 5/8/93)
  9. "On Marriage"
  10. "Black Tie White Noise" (Hollywood Center Studios, L.A., 5/8/93)
  11. "With Mick Ronson"
  12. "I Feel Free" (Hollywood Center Studios, L.A., 5/8/93)
  13. "With Nile Rodgers"
  14. "I Know It's Gonna Happen Someday" (Hollywood Center Studios, L.A., 5/8/93)
  15. "Miracle Goodnight" (promo video)
  16. "Jump They Say" (promo video)
  17. "Black Tie White Noise" (promo video)
  18. "Credits"

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1993 Noreg 8
1993 Storbritannia 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]