Black or White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Black or White» er ein song skriven av Michael Jackson som vart gjeven ut på albumet Dangerous i 1991. «Black or White» er ei blanding av hard rock, dance og hip hop. Songen handlar om likskap mellom menneske, uavhenig av rase.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til Black or White opnar med ei scene der ein gut (Macaulay Culkin) spelar høg musikk på rommet sit, medan foreldra (spela av Tess Harper og George Wendt) er i stova og prøver å lese avisa eller sjå på tv. Faren ber etterkvart sonen om skru av musikken og leggje seg. Istaden for å gjere som faren gav beskjed om, hentar guten fram eit par kjempehøgtalarar og plasserer dei bak lenestolen der faren sit. Deretter koplar han til ein gitar og vrir volumkontrollen frå Loud ('høgt\), til Louder ('høgare') og til slutt «ARE YOU NUTS!?!» ('Er du galen?'). Så slår han ein akkord som knuser vindauga og sender lenestolen med faren ut taket og halvegs rundt jorda. Sjokkert seier mora «I am afraid your father is going to be very upset when he gets back» ('Eg er redd faren din vil vera svært opprørt når han kjem tilbake').

Sjølve songen byrjar medan faren reiser skrikande rundt halve jorda og landar i Afrika, der ein flokk knurrande løvar vert jakta på av ei gruppe jegerar. Faren, som ikkje heilt trur det han ser, observerer Michael Jackson som dansar saman med jegarane. Komande sceneskift viser så Michael Jackson som opptrer saman med ulike folkegrupper ikledd sine folkedrakter.

Eit mellomspel byrjar når Michael Jackson dukkar fram frå eit flammehav og blant anna proklamerer: «I ain't scared of no sheets; I ain't scared of nobody» som viser til Ku Klux Klan og deira lakenkappar. Macaulay Culkin og nokre andre born framfører så ein rapp som eigentleg Bill Bottrell står bak. Etterpå står Michael Jackson på ei kulisse av den amerikanske fridomsstatuen og syng hovudtemaet igjen. Til slutt ser ein nærbilete av forskjellige personar som morphar saman med kvarandre medan dei syng. I det songen sluttar ser ein fotografane bak kamera og settet der den siste scena blir spela inn.

Istaden for gå i svart, viser den uklippa utgåva av musikkvideoen ein svart panter som smyg seg ut frå settet og ned på gata. Panteren viser seg etterkvart å vere Michael Jackson sjølv. No går det føre seg ei kontroversiell scene der Michael Jackson utfører nokre av sine spektakulere dansetrinn, før han knuser rutene på ein bil, tek seg til skrittet og knuser eit butikkvindauga medan han skrik så eit lysskilt merka "Royal Arms Hotel" etterkvart går i bakken og eksploderer. Michael Jackson morphar så attende til ein panter og forlet området. På slutten kjem ein The Simpsons-parodi av byrjinga, der Homer ber sonen Bart om å slå av musikken.

På grunn av lengda og undertonane av seksualitet og vandalisme, vert dei siste fire minuttane sjeldan vist på tv. I dagane etter at Jackson døydde i 2009, vart derimot heile musikkvideoen til «Black or White» vist på både MTV og VH1.