Blackfoot-språket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blackfoot
(Siksiká (ᓱᖽᐧᖿ), ni'tsiitápi'po'ahsin[1])
Klassifisering: Algisk
 Algonkin
  Plains Algonquian
   Blackfoot-språket
Bruk
Tala i: USA, Canada
Område: Blackfeet Indian Reservation i Montana og Piikani, Siksika, og Kainai Reserve i det sørlege Alberta
Blackfoottalande i alt: 5 100[2];
5 000 til <8 000[3]
Skriftsystem: Blackfoot-abugidaen
Språkkodar
ISO 639-1:
ISO 639-2: bla
ISO 639-3: bla
Det opphavlege stammeområdet til blackfoot-folket (mørkegrønt) og dei fire noverande reservata i Alberta og Montana (brune område innanfor det mørkegrøne)
Siksiká-hovdingen Aatsista-Mahkan (ca. 1833 – truleg 24. januar 1911)

Blackfoot-språket er eit algonkinsk språk som blir tala av blackfoot-folk.

Språket blir tala av om lag 5000 menneske i Canada av ei etnisk gruppe på 15 000 og av om lag 100 i USA av ei etnisk gruppe på 5–8000. I Canada bur blackfoot-folket (endonym Niitsítapi) på Siksika-, Piegan- og Blood-reservata i den sørlege delen av provinsen Alberta og i USA på Blackfeet-reservatet i delstaten Montana. Dei fire reservata er bustaden til fire undergrupper (engelsk bands) som eksisterte før reservata blei oppretta:

  • Siksiká 'svartefot' på Siksika-reservatet
  • Aapátohsipikani 'nord-piikani' på Piegan-reservatet
  • Káínaa 'mange hovdingar' på Blood-reservatet
  • Aamsskáápipikani 'sør-piikani' på Blackfeet-reservatet

Desse undergruppene snakkar kvar sin av dei fire hovuddialektane av blackfoot-språket.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Fonologi i blackfoot-språket

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Blackfoot-språket har tre korte og tre lange monoftongar og tre diftongar:

Monoftongar
Fremre
urunda
Sentral
urunda
Bakre
runda
Trong i ii
Midtre o oo
Open a a
Diftongar
Open, sentral
trong, fremre
Open, sentral
midtre, bakre
midtre, bakre
midtre, fremre
ai ao oi

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Blackfoot har ti konsonantar, her attgjevne ortografisk:

Konsonantar
Labial Alveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv p p k '
Affrikat ts
Frikativ s h
Nasal m n
Halvvokal w y

Konsonantane ' , h, w og y er alltid korte, medan alle det ved alle dei andre er distinktiv opposisjon mellom korte og lange. Dei lange blir skrivne ved fordobling av bokstavane for dei korte, som er attgjevne i tabellen over. Lang ts blir skriven tts.

Tonar[endre | endre wikiteksten]

Blackfoot er eit tonespråk, med ein distinktiv opposisjon mellom ein høg tone og ein låg tone. Høg tone er markert ortografisk med ein akutt aksent (´), medan låg tone ikkje er markert. Jamfør desse to orda, som inneheld dei same fonema, men der det fyrste har høg tone (H) på fyrste stavinga og låg tone (L) på andre og tredje stavinga, medan det andre har låg tone på fyrste og siste stavinga og høg tone på andre stavinga:

  • H-L-L ápssiwa 'det er ei pil'
  • L-H-L apssíwa 'det er ein fiken'

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Blackfoot Language and Culture Program. A Curricular Program and Guide (Early Childhood Services – Grade 9). Alberta Dept. of Education, Edmonton. Language Services Branch. ISBN-0-7732-0439-3.
  2. Ethnologues estimat
  3. Martin Heavyhead and Don Frantz' estimate

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Frantz, Donald G. (1997) [1991]. Blackfoot Grammar. Toronto: University of Toronto Press. ISBN 0-8020-7978-4.