Bladfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bladfuglar


Gyllenpannebladfugl, Chloropsis aurifrons Foto: Mukul Hinge
Gyllenpannebladfugl, Chloropsis aurifrons
Foto: Mukul Hinge

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Chloropseidae
Slekt: Chloropsis
Artar
  • Sjå tekst

Bladfuglar, Chloropseidae, er ein biologisk familie av elleve artar små sporvefuglar funne i India, Sri Lanka og Søraust-Asia. Bladfuglar er ein av berre tre fuglefamiliar som er endemisk til det indomalayiske økosystemet. Dei var tidlegare gruppert saman med lauvfuglar og alvefuglar. Som dei i dag er definert, er bladfuglfamilien monotypisk, med alle artar plassert i slekta Chloropsis.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bladfuglar varierer i lengd frå 14 til 21 cm, og har vektvariasjonar i området 15-48 gram.[1] Dei liknar bylbylar, men medan bylbylar typisk har lite iaugefallande farger, har bladfuglar lyse farger, med det dominerande grøne over heile fjørdrakta som gjev opphav til fellesnamnet deira. Familien syner størst kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, dette varierer frå særs mykje hos oransjebukbladfugl til ingen kjønnsdimorfisme hos gulhakebladfugl. Dei fleste av skilnadene mellom kjønna ligg i omfanget av andre farger enn grønt i fjørdrakta, særleg rundt hovudet og i andletmasken med innslag av blått eller svart, der hoer har mindre farger og ein mindre omfattande eller heilt fråverande maske.[1] Nokre artar har blått i vengene og i stjerten. Fjørdrakta av unge fuglar er som hos hofuglar, men med meir avdempa farger. Songane deira er melodiøs i menneskelege øyre, og fleire artar er gode imitatorar. Lydytringane omfattar plystring og skratting.[2]

Nett som bylbylar vil bladfuglar sleppe mange kroppsfjører når dei blir tatt på. Dette kan forvirre rovdyr, spesielt slangar.[2]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Bladfuglar er alltid funne i tre og buskar. Dei fleste artar har utbreiing avgrensa til eviggrøne skogar med unntak av gyllenpannebladfugl, Chloropsis aurifrons, og Chloropsis jerdoni (ikkje norsk namn enno) som lever i lauvtre i monsunskog, og oransjebukbladfugl, som òg opptrer i lauvskog. Innanfor desse rammene, okkupere dei alle lauvtretypar i Sør-Asia og Søraust-Asia. Den største høgda dei opptrer i er 2500 moh.[2] Nokre artar, til dømes regnbogebladfugl, har høglandsdistribusjon og går sjeldan ned under 1000 moh.[1]

Oransjebukbladfugl og gyllenpannebladfugl er blant dei meir utbreidde artar, med store område på tvers av det asiatiske fastlandet. Nokre artar har meir avgrensa distribusjonar, slik som gulstrupebladfugl, som er endemisk til den filippinske øya Palawan, og Chloropsis kinabaluensis (ikkje norsk namn enno) som er avgrensa til nordlege Borneo. Generelt er det sjeldan at meir enn tre artar finst i same område, maksimum er fem artar i dei submontane skogane i Sumatra, overlappande artar er vanlegvis godt plasserte i spektret av storleik for å redusere konkurransen.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Gulstrupebladfugl er endemisk til øya PalawanFilippinene
Foto: Luis V. Limchiu, Jr.

Bladfuglar finn vanlegvis føda i underskogen, dei et insekt og litt frukt og nektar. Dei søkjer snøgt og snappar opp byttedyra på ytre delar av greiner. Dei er òg i stand til å 'stille' i lufta for å ta byttet, og vil forfølgje insekt i lufta, jamvel så langt som ned til skogbotnen. I kva for ei grad bladfuglar tar for seg av nektar er diskutert, meldingar om dette er meir vanleg i Sør-Asia enn i Søraust-Asia.[1] Einskilde artar blir med i fleirartsflokkar for søk av føde no og då, andre vil forsvare territorium der dei et frå tre og buskar som held blomar og frukter.[2]

I motsetnad til dei fleste andre tropiske asiatiske sporvefuglar, bygger ikkje bladfuglar reira lågt nede i skogen. Reira deira er i staden funne opp mot enden av greiner nær trekrona. Såleis har menneske sjeldan, om nokosinne, hatt høve til å studere reir til mange av desse artane. Hos dei få artane der reiret er kjent, er det bygd av fine stenglar, bladdelar og jordstenglar.[1] Nokre hengjer ned frå tynne horisontale skot av tre, hos andre artar er fundamentet festa til eit par vertikale kvister. Hoer legg 2 eller 3 rosa egg.[2] Den einaste informasjonen ein har om rugetid kjem frå fuglar i fangenskap, her varar ruginga rundt 14 dagar. Tilsynelatande er det berre hofuglar som rugar, men hos minst to artar vil hannen mate rugande hoer.[1]

Tilhøvet til menneske[endre | endre wikiteksten]

Eigenskapar som evner til attraktiv song og til å imitere har gjort bladfuglar til populære burfuglar. Majoriteten av handel av fuglar i denne familien er avgrensa til Asia. Nokre bestandar har vorte lokalt utarma grunna massivt uttak av ville fuglar til denne handelen. Generelt er dei elleve artane enno vanlege i eigna habitat, sjølv om mengda av eigna habitat har falle mykje med avskoging. Ein art, gulhakebladfugl, er oppført som sårbar på grunn av tap av habitat, og regnbogebladfugl, tilsynelatande aldri vanleg nokon stad, er oppført som nær trua.[1]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Bladfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4] Familien femnar om elleve artar per desember 2009, tre av dei er nyleg anerkjente og har ikkje fått normert namn på norsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Wells, David (2005), «Family Chloropseidae (Leafbirds)», i del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David, Handbook of the Birds of the World. Volume 10, Cuckoo-shrikes to Thrushes, Barcelona: Lynx Edicions, s. 252–266, ISBN 84-87334-72-5 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Mead, Christopher J.; Wells, D. R. (2003). «Leafbirds». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ss. 506–507. ISBN 1-55297-777-3. 
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]