Bladsongarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bladsongarar


Bøksongar, Phylloscopus sibilatrixFoto:  Steve Garvie
Bøksongar, Phylloscopus sibilatrix
Foto: Steve Garvie

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Phylloscopidae
Slekt: Phylloscopus
Artar
  • Sjå teksten

Bladsongarer er ca. 55 små insektetande fugleartar som utgjer den biologiske slekta Phylloscopus. Utbreiingsområdet er Afrika, Asia og Europa. Dessutan hekkar arten lappsongar i Alaska i tillegg til i Eurasia. Kjente bladsongarar i Noreg er lauvsongar, gransongar og bøksongar.

Bladsongarar er aktive, i konstant rørsle, og aldri langt frå tre, normalt i ganske ope skogsterreng heller enn i tette plantasjar. Dei lever i alle område av trea frå toppen av trekrona ned til underskogen. Dei fleste av artane er markert territoriale både sommar og vinter. Dei fleste er grønlege eller brunaktige på oversida og lyst grå eller gulaktig nedanfor. Artar som hekkar i tempererte område er vanlegvis sterke trekkfuglar.

Samansettinga av artar gjer Phylloscopus polyfyletisk med omsyn til Seicercus. Derfor kan ein vente at fleire artar blir flytta ut frå denne slekta. Slekta var tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet songarfamilien, men er no flytta inn i ein ny familie Phylloscopidae (Alström et al. 2006).

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Bladsongarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Alström, Per; Ericson, Per G.P.; Olsson, Urban & Sundberg, Per (2006) Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015
  • Badyaev Alexander V. & Leaf, Elizabeth S. (1997) Habitat associations of song characteristics in Phylloscopus and Hippolais warblers. Auk 114(1): 40-46. PDF fulltext

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/, henta 1. juni 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)