Blandingshund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To blandingshundar som er sysken, med australian shepherd som mor.

Blandingshund (også kalla bastard, kjøter eller gatemix) er ein hund som ikkje høyrer til ein bestemt rase, men er ei tilfeldig eller ønskt kryssing av ulike rasar eller andre blandingshundar.

Ønskte blandingar av rasehundar kan få namn som er ei blanding av rasenamna, til dømes kan ein kalla blanding av amerikansk cocker spaniel og cavalier king charles spaniel «cockalier» eller golden retriever og puddel «goldendoodle» (sisteleddet av engelsk poodle).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.