Blasfemi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blasfemi vil seia å spotta gudar eller religion.
Blasfemi er straffbart i Noreg etter § 142 i straffeloven, som forbyr å visa ringeakt «for nogen trosbekjennelse hvis utøvelse her i riket er tillatt eller noget lovlig her bestående religionssamfunds troslærdommer eller gudsdyrkelse». Dette er ein såkalla sovande paragraf som ikkje blir brukt til å reisa påtale. Den siste som blei tiltalt for blasfemi i Noreg var forfattaren Arnulf Øverland i 1933 etter å ha halde foredraget «Kristendommen, den tiende landeplage».