Blautdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blautdyr


Sniglane er dei mest talrike blautdyra
Sniglane er dei mest talrike blautdyra

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Mollusca
Vitskapleg namn
Mollusca

Blautdyr eller molluskar er ei rekkje protostome dyr som lever i fuktige habitat over heile jorda. Det eksisterer stor diversitet innanfor gruppa, men den grunnleggjande oppbygnaden til ein mollusk er den same overalt. Det finst omkring 112 000 artar blautdyr, m.a. muslingar, sniglar og blekksprut.

Oppbygnad[endre | endre wikiteksten]

Skjematisk framstilling av eit blautdyr

Kroppen til eit blautdyr kan delast inn i tre element: hovud/fot, visceralmasse og kappe.

Hovud/fot-regionen er nedst på dyret, og omfattar naturleg nok hovudet og foten. Hovudet inneheldt eit ganglion (primitiv hjerne) og ein munn med raspetunge (radula, unnataket er muslingar som manglar dette). Foten finst i ei rekkje ulike spesialiseringar; men nyttast hovudsakleg til rørsle.

Visceralmassa er masse med innvollar i. Nokre av organa me finn her inkluderer tarmsystem, kjønnsorgan, gjeller og vanlegvis eit delvis ope blodkar­system med hjarta. Blekksprutane skil seg her ut ved å ha lukka blodkarsystem. I samband med hjarta og gonadar finn me òg ekte coelom, som gjer at me klassifiserer molluskane som eucoelomate dyr.

Gjellene til blautdyra vert vanlegvis funne i kappehola, der dei som regel opptrer i par. Unnataket er sniglane, som på grunn av kroppsvridning (torsjon) har mista den eine. Muslingar utmerker seg med særs store gjeller, som i tillegg til gassveksling vert nytta til å fanga opp næringspartiklar, som seinare vert transportert til munnen med cilier og palpar.

Kappen hjå dei fleste molluskar skil ut kalk eller perlemor og dannar skal.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Klassar:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

[en.wikipedia.org/wiki/Mollusca Engelsk wikipedia]