Bledningsskogbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bledningsskogbruk er er ei driftsform innan skogbruket, kjenneteikna ved at ein arbeider med små einingar: det einskilde treet, treklyngjer og holt – til skilnad frå bestandsskogbruket som byggjer på skogbestandet som eining.

Bledningsskogbruk er sjeldan praktisert i Noreg. Dei viktigaste grunnane til dette er at fleiraldra skog lett vert glissen slik at ein får eit produksjonstap, og at bledningsskogbruket vanskeleg let seg sameine med rasjonell teknisk skogsdrift.

Ordet bledning finn vi att i bledningshogst, som er driftsforma i bledningsskogbruket, og i ei bledningsopning, ei opning i skogen etter slik hogst. Ordet er avleia av «å ble», jf. norrønt bleðja, det vil seie 'å velje ut'.[1]

I bledningsskogbruk vert forynginga av skogen innleia med gjennomhoggingar eller lysningshogstar over heile arealet med hogstmogne tre. Når det er etablert ettervekst, vert det hogd foryngingsopningar. Desse er ikkje samla i konsentrerte flater, men finst spreidde over heile skogarealet. Etter kvart som skogen vekst til i desse opningane, vert gjenveksten regulert og tynna.

Ved bledningshogst utnyttar skogbrukaren vekstpotensialet i kvart enkelt tre, med dei fordelar det har. Men drifta vert uoversiktleg, og framdrifta av virke vert dyr. Ein annan ulempe er at driftsforma favoriserer skyggetolande tre, og difor føre til at furua vert fortrengt av gran i barblandingsskogar.

Bledningshogst er ikkje det same som plukkhogst. Ved plukkhogst plukkar skogbrukaren ut hogstmogne tre, utan å leggje ordentleg til rette for gjenveksten av ny skog.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]