Bledsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bledsjøen
Bledsjøen -
Stad Dei juliske Alpane
Koordinatar 46°21′52″N 14°05′41″EKoordinatar: 46°21′52″N 14°05′41″E
Tilknytte land Flag of Slovenia.svg Slovenia
Største lengde 2120 m
Største breidde 1380 m
Overflateareal 1,45 km²
Høgd over havet 475 moh
Øyar Bledøya
Busetnadar Bled

Bled (slovensk Blejsko jezero; tysk Veldeser See) er ein innsjø i Dei juliske Alpane nordvest i Slovenia. Byen Bled ligg ved innsjøen. Området er eit populært turistområde.

Innsjøen er 2,1 km lang og nesten 1,4 km brei med ei største djupne på 30,6 meter. Han ligg i eit naturskjønt område omgjeve av skogar og fjell. Ei mellomalderborg står på nordsida av innsjøen. Midt i innsjøen ligg Bledøya, den einaste naturlege øya i Slovenia. Øya har fleire bygningar, mellom anna ei Pilegrimskyrje (slovensk Cerkev Marijinega vnebovzetja) frå 1400-talet, det det ofte vert halde bryllaup. Kyrkja har eit 52 meter høgt spir.

Innsjøen er òg kjend for roing, sidan det ofte er gode tilhøve for sporten her. Det har vorte halde verdsmeisterskap i roing her i 1966, 1979 og 1989, og skal igjen vere vertskap i 2011.

Innsjøen ligg 55 km frå hovudstaden Ljubljana.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Lake Bled» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • The Columbia Gazetteer of the World, ed. Saul B. Cohen. Columbia University Press, New York. 1998
    • Fodor's Eastern og Central Europe, 19th edition. ed. Bonnie Bills. Fodors, New York. 2001

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bledsjøen