Blefjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blefjell
fjellområde
Landskapet rundt Vesleble, Store Blefjell i høgre hjørne.
Land  Noreg
Område Buskerud og Telemark
Høgd Bletoppen: 1 342 moh.
Kart
Blefjell
59°48′00″N 9°13′00″E / 59.8°N 9.21666667°E / 59.8; 9.21666667
Wikimedia Commons: Blefjell

Blefjell er eit fjellområde på grensa mellom Buskerud og Telemark. Blefjell omfattar delar av dei fem kommunane Rollag, Flesberg og Kongsberg i Viken og Notodden og Tinn i Telemark.

Store Ble[endre | endre wikiteksten]

Store Ble (òg skrive Store-Ble og Storeble) er det høgastliggande området på Blefjell. Dette området ligg som ein rygg i nord-sør retning og strekkjer seg frå Blenuten (1213 moh., òg kalla Viermyrnuten og Sørkjenuten) i nord til Sigridsfjell (1194 moh.) i sør og inkluderer alle dei høgaste toppane på Blefjell. Den høgaste toppen er Bletoppen (1342 moh.). Det går merka T-stiar mellom Nordstul og Numedalen Kro på Store Ble, og turistforeininga har to turisthytter der som heiter Sigridsbu og Eriksbu. Det går stiar mellom Blefjell og Vegglifjell frå Åkliskardet. Området ligg stort sett over tregrensa og har mellom anna ei reinstamme.

Vesle Ble[endre | endre wikiteksten]

Vesle Ble (òg skrive Vesle-Ble og Vesleble) er området rundt Krøkla og austover. Dei lågareliggande områda av Vesle Ble er populære hytteområde som Blestølen, Fagerfjell, Blestua, Ble-Høgda og Liatoppen. Vesle Ble er vinterstid populært hos skigåarar og er meir tilgjengeleg og mindre vêrhardt enn Store Ble.

Enkelte rekna Vesle Ble som ein del av Store Ble, men det er ikkje i tråd med den lokale tradisjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]