Bleik
| Bleik og Bleiksøya sett frå fjellet Røyken | ||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Andøy | |
| Fylke | Nordland | |
| Folkemengd[1] | 457 (2012) | |
| Folketettleik | 1 088,1 /km² | |
| Areal[1] | 0,42 km² | |
| Annan informasjon
|
||
| Postnummer | 8481 BLEIK | |
| Preposisjon | på Bleik | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Bleik er ein tettstad og fiskevær i Andøy kommune i Nordland fylke. Staden ligg på nordvestsida av Andøya, om lag ti kilometer frå Andenes. Tettstaden har 455 innbyggarar pr 1. januar 2009.
Namnet kjem truleg frå gammalnorsk bleikr - ljos, etter den ljose sandstranda, eller av blikk - den blikkstille som kan vere inne ved Bleik sjølv om nordausten står på ute i havet.
Bleik har ein særprega klyngebusetnad og næringsgrunnlaget er hovudsakleg fisketilverking og fiskeindustri, mekanisk verkstad. I 1925 vart store delar av husa øydelagt i ein storstorm. Ein gammal gardshaug kan sporast tilbake til 600 e. Kr og har ei djubde på 6 m.
Det kjente fuglefjellet Bleiksøya ligg rett utanfor Bleik, innanfor ligg Bleiksmorena naturreservat.
Bleik var den første staden i Vesterålen som tok i bruk eit vasskraftverk til straumproduksjon. Bleikselva vart demt opp, og kraftverket vart sett i drift 9. oktober 1904. Det leverte frå starten av 25 kW, nok til ljos til ca. 50 husstandar.[2]
Kjelder [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
- ↑ Trollfjord Kraft (red. Øystein Rysst): ...i hundre 1907-2007. Elektrisitetens hundreårige historie i Hadsel. Stokmarknes 2007. ISBN 978-82-303-0874-5