Blekksprutar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blekksprutar


Blekksprut
Blekksprut

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Mollusca
Klasse: Cephalopoda
Vitskapleg namn
Cephalopoda

Blekksprutar (eller blekkspruter; lat. Cephalopoda) er ein klasse blautdyr kjenneteikna av eit framtredande hovud og fleire armar eller tentaklar. Blekksprutar lever i alle hav og på alle djupner. Ingen av dei toler ferskvatn, men nokre få artar kan leva i brakkvatn.

Klassen har om lag 786 nolevande artar som er delt opp i to underklassar. I underklassen Nautilodea finn me blekksprutar med eit ytre skal, medan dyr i Coleoidea har skalet innvendig eller manglar det heilt.

I Noreg er dei vanlegaste typane ti-arma blekksprutar, akkar, og Loligo forbesi.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blekksprutar skil seg frå andre blautdyr ved å ha lukka kretsløpssystem, større hjerne og meir sofistikerte sansar. Blekksprutauga liknar særs mykje på pattedyra sitt, men sidan synsnervene leiar ut på baksida av retina manglar det den blinde flekken. Ein kan såleis seie blekksprutane har betre augo enn oss. Likevel er dei fleste artane fargeblinde.

Nervesystemet til blekkspruten er det mest avanserte mellom dei virvellause dyra.

Med unnatak av nautiloidane har dei fleste blekksprutar kromatophorar som gjer at huda deira kan skifta form og farge etter omgjevnadane. Desse vert nytta både til å kommunisera med andre blekksprutar og som kamuflasje.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

The Cephalopod Page; god populærvitskapleg side om blekksprut

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blekksprutar
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.