Blenheim Palace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 51°50′27.701″N 1°21′40.280″W

Blenheim Palace er ein storslått herregard i Woodstock i Oxfordshire sør i England. Det er den einaste herregarden i landet som har namneleddet palace utan å ha vore ein bispegard. Bygningen er ein verdssarvstad, og er ikkje minst kjend som fødestaden til Storbritannias statsminister under andre verdskrigen, Winston Churchill.

Blenheim blei reist mellom 1705 og ca. 1722, i den stuttliva stilen engelsk barokk. Bygget var opphavleg meint som ei gåve til John Churchill, 1. hertug av Marlborough etter militærtriumfen hans mot Frankrike. Blenheim blei råka av politisk strid, Marlborough fall i unåde og drog i eksil, og arkitekten John Vanbrugh fekk ryktet sitt øydelagt.

Panoramabilete av Blenheim Palace
Spire Denne arkitekturartikkelen som har med England og historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.