Bless the Weather

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bless the Weather
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve November 1971
Sjanger Folk
Selskap Island Records
Produsent John Martyn, John Wood
Kritikk
John Martyn-kronologi
The Road to Ruin
(1970)
Bless the Weather Solid Air
(1973)

Bless the Weather er eit musikkalbum av John Martyn frå 1971. Etter å ha gjeve ut to album med kona si Beverley Martyn er dette det første albumet han gjorde solo igjen.

Då det kom ut fekk det den beste kritikken han hadde fått til då og er i dag eit av favorittalbuma til tilhengjarane hans[1] med songar som «Head and Heart» og tittelsporet. Albumet er hovudsakleg akustisk, men den inneheld den første verkelege echoplex-songen til Martyn med sporet «Glistening Glyndebourne». Gitareffekten nytta han på den akustiske gitaren sin. Martyn flytta til Hastings like før han han spelte inn albumet. I Hastings var fiske og turisme hovudnæringane og dette inspirerte til tittelsporet på plata, som tyder «velsigne vêret».

Enkelte av songane var skrive i studio same dag som dei vart spelt inn og oppfylte ønsket til Martyn om vere spontan.[2]. Danny Thompson spelte bass, medan Richard Thompson, Tony Reeves, Ian Whiteman og Roger Powell alle medverka på albumet. Heile albumet vart spelt inn på berre tre dagar.[1]

Musikkmagasinet Q valde Bless The Weather til eit av dei tolv essensielle folkemusikkalbuma gjennom tidene i 1999.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar av John Martyn, bortsett frå der andre er nemnd.

  1. «Go Easy» - 4:15
  2. «Bless the Weather» - 4:29
  3. «Sugar Lump» - 3:43
  4. «Walk on the Water» - 2:49
  5. «Just Now» – 3:39
  6. «Head and Heart» - 4:54
  7. «Let the Good Things Come» - 3:05
  8. «Back Down the River» – 2:40
  9. «Glistening Glyndebourne» - 6:30
  10. «Singing in the Rain» (Nacio Herb Brown, Arthur Freed) – 1:28

Bonusspor[endre | endre wikiteksten]

Spelt inn under ein demosesjon ved Sound Technique Studios i Chelsea 16. april 1969

  1. «Walk To The Water» (Opptak 3) (3:34)
  2. «Bless The Weather» (Opptak 4) (5:37)
  3. «Back Down The River» (Opptak 1) (2:44)
  4. «Go Easy» (Opptak 1) (4:39)
  5. «Glistening Glyndebourne» (Opptak 2) (7:48)
  6. «Head And Heart» (bandversjo) (10:17)
  7. «May You Never" (singelversjon) (2:45)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]