Blies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blies
Blies ved Bliesbrück
Blies ved Bliesbrück
Utspring Saarland
- Høgd 430 m
Munning Saar
Land i nedslagsfelt Tyskland, Frankrike
Lengd 99,5 km
Nedslagsfelt 1 960 km²

Blies er ei elv sørvest i Tyskland (Saarland) og nordaust i Frankrike (Moselle), og er ei av sideelvane til Saar frå høgre. Blies har sitt utspring frå tre kjelder i fjella Hunsrück nær Selbach i Tyskland. Ho er om lag 100 km lang, og munnar ut i Saar ved den franske byen Sarreguemines. Ho renn gjennom Sankt Wendel, Neunkirchen og Blieskastel (ein av fleire hundre landsbyar kalla opp etter elva). Den nedre delen av elva dannar grensa mellom Frankrike og Tyskland.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blies