Blind Faith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blind Faith
Sjanger Bluesrock, hardrock, britisk blues
Aktive år 1968–1969
Tilknytte artistar Cream, Traffic, Family, Derek and the Dominos, Spencer Davis Group, Muff Winwood, Ginger Baker 's Air Force
Plateselskap Polydor
Atco
RSO
Island
Tidlegare medlemmer
Eric Clapton
Steve Winwood
Ginger Baker
Ric Grech

Blind Faith var eit engelsk bluesrockband som bestod av Eric Clapton, Ginger Baker , Steve Winwood og Ric Grech. Bandet, som var ei av dei første supergruppene, gav berre ut eitt album, Blind Faith, i august 1969. Dei var stilmessig liknande band som Winwood, Baker og Clapton nyleg hadde spelt i, Traffic og Cream.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

Medan dei spela i Cream kom Ginger Baker og Jack Bruce stadig vekk i konflikt med kvarandre, med Eric Clapton som mellommann og meklar. Både Baker og Clapton gjekk lei både kranglinga og tilnærming til Cream til ein meir kommersiell stil, og forlét bandet sommaren 1968. Steve Winwood hadde hatt liknande problem i The Spencer Davies Group, og starta Traffic i 1967. Winwood hadde i januar 1969 lagt ned Traffic mellombels, og kom i kontakt med Clapton.

Winwood og Clapton fann ut at dei skulle samarbeide, og Winwood foreslo å kontakte Ginger Baker. Clapton var usamd, då han ikkje ynskja ei gjenforeining av Cream berre månader etter oppløysinga av bandet. Winwood overtalte Clapton med gode musikalske argument og dei kontakta Baker, som ynskte å samarbeide. I februar 1969 gjekk bandet i studio og starta innspelingar til det sjølvoppkalla albumet Blind Faith.

I mai 1969 kontakta dei bassisten i Family, Ric Grech, som straks vart medlem av Blind Faith. Han slutta i Family midt under ein turné for å spele på albumet og for å bli med i det nye bandet. Bandet fekk namnet etter at Clapton hadde nemnt kor sterk tru han hadde på at dette bandet skulle bli ein suksess.

Avsluttinga[endre | endre wikiteksten]

7. juni 1969 heldt bandet den første konserten sin, ein gratiskonsert i Hyde Park i London. Pressa hadde alt byrja å kalle bandet «Super-Cream», noko bandet fann meir enn litt irriterande. Sommaren 1969 drog Blind Faith på ein kort turné i Skandinavia, inkludert ein konsert i Njårdhallen i Oslo, før dei starta ein turné i USA med ein konsert 12. juli i Madison Square Garden for over 20 000 tilskodarar. USA-turneen vart avslutta på Hawaii 24. august.

Eit av dei største problema med bandet var at dei ikkje hadde nok eige material å spele under konsertane, og vart difor nøydde til å spele gamle Cream og Traffic-låtar for at konsertane skulle vare lite lenger enn ein time. Dermed vart dette bandet nettopp det Clapton ville unngå; «Super-Cream». Eit anna problem var plateomslaget til Blind Faith, som hadde eit bilete av ei toppløs pre-pubertal jente som heldt ein metallisk modell av eit fly. Flyet vart oppfatta som eit fallossymbol, og fleire forhandlarar nekta difor å ta inn albumet. Dei som ville selje albumet putta det ned i papirposer før det vart lagt ut for sal.

Hausten 1969 var banda tilbake i England, og det gjekk rykte om ein turné i Storbritannia, men det skjedde ikkje. I oktober 1969 vart det klårt at bandet var oppløyst. Clapton ynskte ein meir tilbaketrekt vere som bandmedlem i Delaney & Bonnie & Friends, medan Winwood, Baker og Grech fekk med seg Denny Laine og dessutan ei rekkje andre musikarar og starta Ginger Baker's Airforce.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Blind Faith August 1969 #1 (US), september 1969 #1 (UK)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]