Blind Faith av Blind Faith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blind Faith
Studioalbum av Blind Faith
Utgjeve August 1969
Innspelt 20. februar til 24. juni 1969
Olympic & Morgel Studios i London, England
Sjanger Britisk blues, psykedelisk rock, hardrock, folkrock
Lengd 42:12
Selskap Polydor U.K./Canada, Atco U.S.
Produsent Jimmy Miller
Kritikk
-kronologi
Goodbye
av
Cream
(1969)
Blind Faith On Tour with Eric Clapton
av
Delaney, Bonnie & Friends
(1970)

Blind Faith er det einaste albumet til den britiske supergruppa Blind Faith, som bestod av Eric Clapton (The Yardbirds, Cream), Ginger Baker (Graham Bond Organisation, Cream), Steve Winwood (Spencer Davis Group, Traffic) og Ric Grech (Family).

Bandet og debutalbumet fekk mykje omtale, og då det kom ut toppa det listene i både USA, Storbritannia og Canada. I tillegg publiserte Rolling Stone tre meldingar av albumet i september-utgåva av magasinet i 1969, skriven av Ed Leimbacher, Lester Bangs og John Morthland.

Dei byrja på songane tidleg i 1969, og i februar og mars var bandet i London ved Morgel Studios, og førebudde innspelinga av albumet. Dei første nesten ferdige songane dukka først opp då dei var i Olympic Studios i april og mai, med Jimmy Miller som produsent. Musikkmiljøet var alt klar over samanhengen, trass i at Clapton hevda at han berre laga eit soloalbum der Winwood skulle spele. Rockepressa kjøpte derimot ikkje dette og visste at Baker var involvert i tillegg.

Innspelinga av albumet vart avbroten av ein turne i Skandinavia, så ein turne i USA frå 11. juli til 24. august, støtta av Free, Taste og Delaney & Bonnie and Friends. Sjølv om albumet nådde toppen av listene, vart det spelt inn i all hast og side to inneheldt berre to songar, mellom anna den 15 minuttar lange «Do What You Like». Likevel klarte bandet å produsere to klassiske hittar, Winwood sin «Can't Find My Way Home» og Clapton sin «Presence of the Lord».

Ei utvida utgåve av albumet kom ut i 2001 med tidlegare spor som ikkje var gjevne ut før og jammar inkludert. To konsertopptak frå Hyde Park-konserten, «Sleeping In The Ground» av Sam Myers og Rolling Stones-songen «Under My Thumb» finst òg på Winwood-samlinga The Finer Things.

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Utgjevinga skapte kontroversar, fordi plateomslaget synte bilete av ei topplaus pre-pubertal jente, som held eit modellfly i hendene, som enkelte såg på som eit fallossymbol.[1][2] Det amerikanske plateselskapet gav ut albumet med eit alternativ omslag (eit bilete av bandet).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Had to Cry Today»   Steve Winwood 8:48
2. «Can't Find My Way Home»   Winwood 3:16
3. «Well All Right»   Norman Petty, Buddy Holly, Jerry Allison, Joe B. Mauldin 4:27
4. «Presence of the Lord»   Eric Clapton 4:50
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Sea of Joy»   Winwood 5:22
6. «Do What You Like»   Ginger Baker 15:20

Deluxe-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Had to Cry Today»   Steve Winwood 8:48
2. «Can't Find My Way Home»   Steve Winwood 3:16
3. «Well All Right»   Petty, Holly, Allison, Mauldin 4:27
4. «Presence of the Lord»   Eric Clapton 4:50
5. «Sea of Joy»   Steve Winwood 5:22
6. «Do What You Like»   Ginger Baker 15:18
7. «Sleeping in the Ground»   Sam Myers 2:49
8. «Can't Find My Way Home» (elektrisk versjon)   5:40
9. «Acoustic Jam»     15:50
10. «Time Winds»     3:15
11. «Sleeping in the Ground» (Slow Blues Version)   4:44
Disk to
# Tittel Lengd
1. «Jam nr.1: Very Long & Good Jam»   14:01
2. «Jam nr.2: Slow Jam 1»   15:06
3. «Jam nr.3: Change of Address Jam»   12:06
4. «Jam nr.4: Slow Jam 2»   16:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medverkande på disk to på deluxe-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Doggett, Peter (2008). There's a Riot Going On: Revolutionaries, Rock Stars, and the Rise and Fall of the '60s. Canongate. ss. 280–281. ISBN 1847671802. 
  2. Larkin, Colin (1992). The Guinness Encyclopedia of Popular Music. Guinness. ss. 268. ISBN 0851129390.