Blod, Snått & Juling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blod, Snått & Juling var ei norsk musikkgruppe som fleire sentrale folk i Kaizers Orchestra spela i. Det som blei til Kaizers Orchestra starta heilt tilbake i kring 1990, då det var to 15-årige barndomskameratar Janove Ottesen og Geir Zahl som danna bandet Blod, Snått & Juling på Bryne. Dei spela i kjellaren heime hjå Geir Zahl og brukte ofte kassettspelaren til opptak.

Etter ein lengre pause, der Geir mellom anna var eit år i USA, gjorde Blod, Snått & Juling si første studioinnspeling i 1994. Ein Glad Tunnel blei innspelt hjå ein kar på Klepp. Ni låtar blei spelt inn på to dagar, Janove og Geir stod sjølv for all instrumentering. Resultatet blei ganske skeivt, litt fordi låtane var rare, og mykje fordi gutane ikkje var klar over at det gjekk an å gjera ting om att i studio. Heile opplaget (50 kassettar) blei seld ut. Songar som «Livredde», «Märtha Louise» og «På Pøbben» blei kuriosa på vorspiel.

Etter at Jan Ove hadde fått seg eit år i Frankrike i 94-95, var det nytt prosjekt på gang, denne gongen litt meir seriøst. Seks songar blei innspelde i eit skikkeleg studio på Sandnes, tre av dei med fullt band (Frode Efteland på trommer og Terje Vinterstøel-gitar) — og denne gongen gjorde dei ting om att viss dei ikkje var nøgd med fyrste opptak. Nok ein gong blei det gjeve ut ein kassett, 100 eks. denne gongen. Sympatiske fisk inneheldt hits som «Kadavers», «Månemann» og «Ut av kroppen opplevelse», og fekk heiderleg omtale i Jærbladet. Janove og Geir gjorde også sporadiske live-opptredenar på denne tida.

Hausten 1995 flytta Jan Ove og Geir til Bergen for å studera. Mange nye songar blei laga, men no på litt meir popete musikk med mykje koring. Sommaren 1996 blei det gjort endå ei innspeling med tanke på kassettmarknaden. Seks nye songar med fullt band (Frode og Terje, pluss Gaute Tengsareid på bass). Denne innspelinga blei ein nedtur. Blod, Snått & Juling var ikkje nøgde og opptaka blei aldri offentleggjorde. Hausten 1996 drog Janove i militæret medan Geir blei att i Bergen. Blod, Snått & Juling blei lagt på is.

Janove flytta til Bergen igjen hausten 1997, og begynte på musikklærarutdanningaHøgskulenLandås. Livet blei betre, og musikalsk skjedde det også ting. Etter å ha plukka opp eit par tips om overgangsakkordar og liknande på høgskulen blei han plutseleg veldig kreativ. Dette resulterte i ein del trivelege songar. Desse songane blei starten på det nye prosjektet som blei kalla Gnom.