Blodnebbvevar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blodnebbvevar
Blodnebbverar ved Dyrehagen i Warszawa. Foto: Pawel Ryszawa
Blodnebbverar ved Dyrehagen i Warszawa.
Foto: Pawel Ryszawa
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av blodnebbvevar
Utbreiinga av blodnebbvevar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Vevarar Ploceidae
Slekt: Quelea
Art: Blodnebbvevar Q. quelea
Vitskapleg namn
Quelea quelea

Blodnebbvevar (Quelea quelea) kan vere verdas mest talrike fugleart av ville fuglar med rundt rekna på 1,5 milliardar kjønnsmodne individ. Han er ein sporvefugl i vevarfamilien med leveområde i Afrika, sør for Sahara.

Blodnebbvevarar
Foto: Alastair Rae

Blodnebbvevarar blir ca. 12,5 cm lange og kan vege frå 15 til 20 gram. I hekkedrakt har hannen raudt nebb og fargefull drakt, og dermed skil han seg tydeleg frå hofuglar. Hannen sin hekkedrakt er uvanleg variabel, drakta består av ei maske som varierer frå svart til kvitt i farge, bryst og krone som varierer frå gulaktig til klårt rødt. Men resten av året er hannen sin drakt meir lik drakta til hoene, ei kamuflerande beige farge. Nebbet til hofuglar er gult i hekkedrakt, elles er det raudt.

Flokkane kan danne store «teikningar» mot himmelen – stundom på titusenar av individ.
Foto: Alastair Rae

Blodnebbvevarar lever og hekkar i enorme flokkar. Det kan ta opp til 5 timar før ein flokk har passert ein stad. I hovudsak ligg habitatet i regionar med stepper og savannar, men dei kan ikkje unngå plassar med busettingar for folk. Dei kan flyge store distansar for matauke kvar dag utan å bli utslite. Vanleg levetid er to til tre år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blodnebbvevar