Blodregn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudt regn frå hendinga i Kerala i India i 2001.

Blodregn eller raudt regn og blodsnø eller raudsnø er regn og snø av raudleg farge som etterlet eit raudleg slam på bakken.

Det kan skuldast støv som er virvla opp frå ørkenar eller liknande, og som vert ført av stad til fjerne stader av luftstraumane i høgda. Snø og uttørkande vasspyttar kan òg fargast raude av astaxanthinrike kvilestadium av mikroalgane Chlamydomonas nivalis og Haematococcus pluvialis, som òg vert kalla snøalgar. Det har òg vore tilfelle der det raude støvet har kome frå meteorittar.

Før 1600-talet trudde ein generelt at regnet faktisk var blod, og vart sett på som eit dårleg teikn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]