Blokkebær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blokkebær
Blokkebær
Blokkebær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Vaccinioideae
Slekt: Bærlyngslekta Vaccinium
Seksjon: Vaccinium
Art: Blokkebær V. uliginosum
Vitskapleg namn
Vaccinium uliginosum

Blokkebær (Vaccinium uliginosum), skinntryte, mikkelsbær eller tryte er ei plante i bærlyngslekta i lyngfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing, og finst i Noreg.

Botanisk teikning av blokkebær.

Planta veks på fuktige stader med sur jord. Ein finn henne på tundra, heier og i barskog. Ho vert kring 40 cm høg og har runde brune kvister og blågrøne utagga blad som fell av om hausten. Blokkebær blomstrar kring mai-juli.[1]

Planta har kvit krone og lysblått til blåsvart bær som er litt kantet. Bæret har ein diameter på 6–8 mm.[1] Dei kan etast av menneske, og er blitt brukt ferske, tørka, sylta, som gelé, til saft eller gjæra til alkoholdrikkar. Også unge blad kan etast eller brukast til å laga te av.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Blokkebær veks i kjølege tempererte område på den nordlege halvkula, i lågtliggande område i Arktis og i høgtliggande område sør til Pyrenane, Alpane og Kaukasus i Europa, fjell i Mongolia, nordlege Kina, den koreanske halvøya og sentrale Japan i Asia og Sierra Nevada i California og Rocky Mountains i Utah i Nord-Amerika.[1][3][4][5]

Planta er vanleg gjennom heile Noreg. Ho er funnen opp til 1730 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]