Blokkvevar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blokkvevar

Status i verda: Livskraftig (LC)

Blokkvevarar, Philetairus socius Foto: Thomas Schoch
Blokkvevarar, Philetairus socius
Foto: Thomas Schoch

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Ploceidæ
Slekt: Philetairus
Art: P. socius
Vitskapleg namn
Philetairus socius

Blokkvevar (Philetairus socius) er ein fugl i vevarfamilien. Han er monotypisk i slekta Philetairus. Blokkvevar er endemisk til det sørlege Afrika, habitatet ligg i og ved Kalahari i Namibia, i nordlege Sør-Afrika, og dessutan i sørvestlege Botswana. Fuglen har brun overside, med lysbrune fjørkantar, unntatt hovudet, svart på hake og strupe, og bleikbrun underside. Venger og hale er mørkebrune, med lysbrune fjørkantar. Lengda er 13 cm.

Blokkvevaren er insektetar. Som ein tilpassing til å leve i den tørre Kalahariørkenen, kor det er få vasskjelder, er blokkvevaren i stand til å tilfredstille all trong til vatn frå dietten av insekt.

Blokkvevaren konstruerer permanente reir i tre og andre høge gjenstandar. Reira er store nok til å huse mange familiar av fleire generasjonar samstundes. Bygningane er særs strukturerte, og gjev fuglane betra temperaturtilhøve i forhold til utsida. Dei sentrale romma held på varmen og nyttast for nattekvilen. Dei ytre romma blir brukt som skyggeplass på dagtid. Fleire andre fuglearter, vanlegvis afrikapygméfalk, kan nytte byggverket kommensialt med blokkvevarar.

I det sørlege området av habitatet til blokkvevaren, blir hekkesesongen utløyst av nedbørsperiode. Under vanlege omstende kan arten oppnå opptil fire kull per hekkesyklus. Blokkvevaren er kjent for å ta del i omsorg for yngre søsken og ungar utanfor slekta. Det har vore observert at eit par produserer ni kull i ein sesong som eit svar på gjentatte tap av ungar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blokkvevar