Blomestand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Blomsterstand)
Blomestanden til dunkjempe (Plantago media).

Blomsterstand eller blomestand er ein plantedel som ber fleire blomar på ein eller fleire stilkar.[1] Blomane i ein blomestand opnar seg sjeldan samtidig. Dette gjer at plante får eit lengre tidsrom der pollinering er mogleg.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Oppbygginga av blomestanden er viktig for å skilja ulike plantar taksonomisk, og det er en rekke betegnelser på ulike blomsterstandar.

  • Aks er den enklaste blomestanden. Blomane sit rett på ein enkel akse og opnar seg første nede og deretter oppover i akset.
  • Hovud er eit kort aks.
  • Klase er også eit aks i prinsippet, men i klasen har kvar blome ein stilk inn til hovudaksen.
  • Kvast er ein blomestand der hovudaksen endar i ein blome. Veksten fortset i sidegreiner, og dette gjentek seg. Kvasten kan vera tosidig og symmetrisk eller einsidig. Blomen i enden av den første greina opnar seg først.
  • Skjerm er ein mer komplisert blomestand. Her sit mange blomar saman i breie eller smale skjermar. Kvar enkelt blome sit på ein stilk som går ut frå eit bestemt punkt på stengelen. Kvar storskjerm kan bestå av fleire småskjermar. Saman trekk dei til seg insekt, noko som ville vore vanskelegare om blomane sat kvar for seg.
  • Halvskjerm er ein klase eller kvast der stilkane har ulik lengd slik at blomane blir samla i ein flat blomestand.
  • Korg er ein svært kompakt blomestand der mange små enkeltblomar sit saman på ei skive. Her blir suksessiv pollinering sikra ved at flest mogleg blomar er pressa inn på liten plass og ved at dei mognar etter kvarandre frå kanten og innover.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «blomestand» i Nynorskordboka.

  • C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding (1992). «Blomstenes plassering på plantene». Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 17–18. ISBN 82-512-0355-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blomestand