Blood Money

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blood Money
Studioalbum av Tom Waits
Utgjeve 7. mai 2002
Sjanger Rock, eksperimentell, kabaret
Lengd 42:11
Selskap Anti
Epitaph
Produsent Kathleen Brennan
Tom Waits
Tom Waits-kronologi
Mule Variations
(1999)
Blood Money Alice
(2002)

Blood Money er eit musikkalbum av Tom Waits frå 2002. Albumet inneheld songar skriven for musikalen Woyzeck, basert på skodesepelet Woyzeck av Georg Büchner frå 1837. Skodespelet var inspirert av ein sann historie om ein tysk soldat som vart galen etter grufulle medisinske eksperiment militæret utførte på han og utruskap, som førte til at han tok livet av kjærasten sin. Teaterutgåva var regissert av Robert Wilson, som Waits hadde arbeida med på dei to andre musikalane The Black Rider og Alice, begge desse kom òg ut på plater. Sistnemnd vart gjeve ut samstundes med Blood Money.

Musikalsk er Blood Money i liknande stil som dei andre samarbeidsprosjekta Waits hadde med Wilson, som The Black Rider. Albumet opnar med «Misery is the River of the World», ein kabaretliknande song der Waits syng «If there's one thing you can say about mankind/There's nothing kind about man.» På «God's Away on Business» gjestar Stewart Copeland (frå The Police) på trommer og PJ Harvey sin gitarist Joe Gore. Songen inneheld rytmar som ein først kunne høyre på Bone Machine (1992) med særs dystre tekstlinjer som «I'd sell your heart to the junkman, baby/For a buck, for a buck/If you're looking for someone to pull you out of that ditch/You're out of luck, out of luck.» Ein finn derimot òg lettare kjærleikssongar som «Coney Island Baby», «All the World is Green» og «Another Man's Vine»

Musikalen hadde premiere ved Betty Nansen Theatre i København i novmber 2000.

Albumet hamna på 18. plass på Metacritic si liste over dei 30 beste albuma i 2002[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Tom Waits og Kathleen Brennan, kona til Tom Waits.

  1. «Misery Is the River of the World» – 4:25
  2. «Everything Goes to Hell» – 3:45
  3. «Coney Island Baby »– 4:02
  4. «All the World Is Green» – 4:36
  5. «God's Away on Business» – 2:59
  6. «Another Man's Vine» – 2:28
  7. «Knife Chase» – 2:26 (Instrumental)
  8. «Lullaby» – 2:09
  9. «Starving in the Belly of a Whale» – 3:41
  10. «The Part You Throw Away» – 4:22
  11. «Woe» – 1:20
  12. «Calliope» – 1:59 (Instrumental)
  13. «A Good Man is Hard to Find» – 3:57

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]