Bloody Mary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bloodymarry edited.jpg

Bloody Mary er ein cocktail laga med vodka, tomatjus og krydder, vanlegvis salt, pepar, tabasco og worcestershiresaus, pressa sitron), og ofte dekorert med ein stilk selleri. Han er ein av få cocktailar som blir serverte om morgonen, saman med screwdriver og mimosa.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Drikken blir ofte assosiert med den katolske dronninga Maria I av England, som fekk tilnamnet Bloody Mary fordi ho avretta så mange protestantar. Men drikken blei først kjend på 1900-talet. Den første gongen han blei omtala skriftleg var i følgje Oxford English Dictionary i Punch i 1956: «Those two … are eating raw steaks and drinking Bloody Marys.»

Bartendaren Fernand Petiot som var tilsett ved Harry's New York Bar i Paris hevda at han fann opp drikken på 1920-talet, og at ein kollega føreslo namnet fordi han minte han om Chicago-klubben Bucket of Blood og ei jente der som heiter Mary.

Oppskrift[endre | endre wikiteksten]

Typisk oppskrift
Rist saman:
  • 1 del vodka
  • 4 delar tomatjuis
  • nokre dropar pressa sitron
  • ei klype sellerisalt
  • tabasco og pepar etter smak

Rekkefølga på ingrediensane er viktig for produktet, og mange bartendarar vaktar oppskrifta si nøye.

Drikken finst òg i alkoholfri variant, og blir då kalla Virgin Maryjomfru Maria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]