Blue Ridge Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsikt frå Blowing Rock i Nord-Carolina.

Blue Ridge Mountains er ei av dei parallelle stratiografiske fjellkjedene som utgjer Appalachane i det austlege USA. Ho består av granitt og noko gneis, og strekker seg opp til 2037 meter over havet.

Fjellkjeda omsluttar elvedalen i Shenandoah- og Potomac-elvene, og strekker seg gjennom delstatane Georgia, Sør-Carolina, Nord-Carolina, Virginia, Vest-Virginia, Maryland og Pennsylvania. Kittatinny Mountains og Shawangunk Ridge i respektivt New Jersey og New York er framhaldet av fjellkjeda nordover.

I dagleg tale nyttar ein namnet Blue Ridge Mountains primært om den austlegaste kjeda i Appalachane, men geologisk omfattar fjella òg Great Smoky Mountains, Great Balsams med fleire, i tillegg til ein del av Shenandoah Valley.

Fjellkjeda er ei av verdas eldste fjellkjeder, somme delar meir enn ein milliard år gamle. Fjella er hovudsagleg granitt og omdanna (metamorfisk) vulkansk materiale (gneis). I den delen av fjellkjeda som går gjennom Virginia, finn ein òg ein del kalksteinsformasjoner med eit stort tal større og mindre holekompleks, som Luray Caverns, Grand Caverns, Endless Caverns, Shenandoah Caverns.I North Carolina finn ein berre eit enkelt holekompleks, nemleg dei forholdsvis små Linville Caverns.

I den sørlege delen av Blue Ridge Mountains finn ein størsteparten av dei høgaste fjella i Appalachane. Såleis er det berre i North Carolina og Tennessee 39 fjell på meir enn 1.800 meter, medan det i den nordlege delen av Appalachane berre er eit enkelt fjell over 1 800 meter. Fjellkjedas høgste fjell er Mount Mitchell i North Carolina med sine 2 037 moh., medan Grandfather Mountain, òg i North Carolina, med 1 817 meter er det høgste fjellet i den austlegaste delen av kjeda.

Gjennom den sørlege delen av fjellkjeda går Blue Ridge Parkway, ein 750 km lang, naturskjønn veg som knyter saman dei to nasjonalparkane Great Smoky Mountains National Park i North Carolina og Shenandoah National Park i Virginia.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!