Blue av Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blue
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve 22. juni 1971
Innspelt 1971
A&M Studios, Hollywood
Sjanger Folkrock
Lengd 35:41
Selskap Reprise
MS 2038
Produsent Joni Mitchell
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Ladies of the Canyon
(1970)
Blue For the Roses
(1972)

Blue (1971) er det fjerde albumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Ho utforskar her forskjellige sider av kjærleiksforhold frå ulukkeleg kjærleik på «A Case of You» til utryggleik på «This Flight Tonight». Songane har eit enkelt akkompagnement på piano, gitar og Appalachian dulcimerBlue var både ein kritisk og kommersiell suksess og nådde 15. plass på den amerikanske Billboardlista og 3. plass i Storbritannia. Singelen «Carey» nådde 93. plass i USA. I januar 2000 valte New York Times albumet som eit av 25 som representerte vendepunkt og høgdepunkt i popmusikken på 1900-talet.[1]  

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trass i suksessen ho hadde med dei tre første albuma og songar som «Woodstock» valte Mitchell i 1970 å slutte å halde konsertar. Etter eit hardt brot med kjæraste Graham Nash drog ho på ferie i Europa og det var her ho skreiv mange av songane på Blue.   Albumet vart nesten gjeven ut i ei noko anna form. I mars 1971 var dei ferdige lydbanda for albumet klare for produksjon. Opphavleg var det tre gamle songar med på albumet som ikkje hadde vore med på dei førre albuma. I siste liten valte Mitchell å fjerne desse tre sognane, og heller spele inn nye songar, «All I Want» og «The Last Time I Saw Richard». «Urge for Going», den første songen hennar som fekk kommersiell suksess då han vart spelt inn av countryartisten George Hamilton IV, vart fjerna. Den andre songane som vart fjerna var «Hunter (The Good Samaritan)». «Little Green», skriven i 1967, var den einaste gamle songen som kom med på albumet.   I 1979 fortalte Mitchell, «Blue-albumet, det er nesten ikkje ein uærleg tone i vokalen. På denne tida i livet mitt hadde eg ikkje noko personleg forsvar. Eg følte meg som plasten rundt ein sigarettpakke. Eg følte at eg ikkje hadde nokre løyndomar i det heile å skjule for verda og eg kunne ikkje late som om eg var sterk. Eller lykkeleg. Men fordelen med det var at eg ikkje heldt noko tilbake i musikken heller.»[2]   Albumet var påverka av jazz, særleg musikken til Miles Davis. Mitchell nytta alternative stemmingar på gitaren sin for å lettare nå augmenterte akkordar og notar i uventa kombinasjonar.[3]  

Ærevisingar[endre | endre wikiteksten]

  • i 2003, vart Blue rangert på 30. plass av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[4], den høgaste plasseringa ein kvinnelege artist har på lista.
  • i 2000, vart Blue kåra til det beste kanadiske albumet gjennom tidenen av Chart's '50 Greatest Canadian Albums of All Time' (Blue var på tredjeplass i 1996 og 2005)
  • i 2007, vart Blue rangert på andreplass i boka til Bob Mersereau The Top 100 Canadian Albums, bak Neil Young sitt Harvest
  • i 2001, vart Blue rangert på 14. plass på lista til VH1 over dei 100 beste albuma gjennom tidene, den høgaste plasseringa til ein kvinneleg artist på lista.[5]
  • Blue vart stemnd fram til 13. plass i Hotpress Magazine' si liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene, stemnd fram av andre artistar.
  • I 2002, kåra Q Magazine Blue til det åttande beste albumet gjennom tidene av ein kvinneleg artist.[6]
  • Blue vart kåra til det 66. beste av Channel 4 si liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene.
  • i 2006, var Blue med på lista til Time Magazine over dei 100 viktigaste albuma gjennom tidene.[7]
  • i 1999, vart Blue gjeven Grammy Hall of Fame-prisen, ein pris som vert gjeven til innspelingar som er minst 25 år gamle og som er «kvalitativt eller historisk viktige».
  • i 2004, rangerte Pitchfork Media albumet på 86. plass på lista over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.

 

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell. 

# Tittel Lengd
1. «All I Want»   03:32
2. «My Old Man»   03:33
3. «Little Green»   03:25
4. «Carey»   03:00
5. «Blue»   03:00
6. «California»   03:48
7. «This Flight Tonight»   02:50
8. «River»   04:00
9. «A Case of You»   04:20
10. «The Last Time I Saw Richard»   04:13

 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon Pareles, Neil Strauss, Ben Ratliff and Ann Powers (3. januar 2000). «Critics' Choices; Albums as Mileposts i a Musical Century». The New York Times. 
  2. Crowe, Cameron (1979-07-26). «Joni Mitchell». Rolling Stone, CameronCrowe.com. 
  3. Fusilli, Jim  (4. november 2008). «A 65th Birthday Tribute to Joni Mitchell ». The Wall Street Journal : s. D7. 
  4. The Rolling Stone 500 Greatest Albums of All Time
  5. Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Albums
  6. http://www.rocklistmusic.co.uk/qlistspage2.html#Women
  7. Tyrangiel, Josh (2006-11-13). «The All-TIME 100 Albums: Blue». Time. 

 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]