Bluegrass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bluegrass er ei stilretning innan countrymusikk som i likskap med annan country er ei vidareutvikling av oldtimemusikken frå Appalachane i USA. Bluegrassmusikken oppstod på 1940-talet og bruker tradisjonelt berre strengeinstrument som fele, gitar, banjo, mandolin og dobro. Musikken er også inspirert av amerikansk folkemusikk og jazz.

Nemninga bluegrass stammer frå Bill Monroe sitt countryband The Bluegrass Boys, som igjen er oppkalla etter det amerikanske namnet på ei gruppe grasartar, blant anna Engrapp (Poa pratensis), som veks i dalane og på setrene i Kentucky og ellers i Sør- og Midtvesten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

På 1940-talet var oldtime- og countrymusikken blitt tilpassa tidas populærmusikk. I opposisjon til dette arbeidde Bill Monroe, ein songar og mandolinspelar frå Kentucky, med å reindyrke og vidareutvikle bruken av tradisjonelle instrument og fleirstemmig song. Countrymusikken hadde bevega seg bort frå den opphavlege rustikke stilen med banjo og fele som dei dominerande instrumenta. Utøvarar som heldt fast ved denne stilen opptrådte mest som pauseklovnar ved countryshow eller som Husker du-innslag for eit eldre publikum. Monroe heldt fast ved den gamle stilen, men søkte å fornye han.

Inspirert av kallenamnet til Kentucky, The Bluegrass State, kalla han bandet sitt for The Bluegrass Boys. Mot slutten av førtitalet hadde Monroe utvikla den stilen som blei skoledannande for bluegrassmusikken: gitar, fele og banjo frå det klassiske oldtimebandet, supplert med mandolin og kontrabass. Songen var påverka av bluesmusikken, men også av gamle angelsaksiske folkesongar. Mellom kvart vers improviserte instrumenta ein solo, eit grep som var inspirert av jazzens improvisasjonar. Grunnrytmen blir danna av dei djupe strengane på kontrabassen og gitaren på 1. og 3. taktslag og dei lyse strengane på gitaren og ein mandolinakkord på 2. og 4. taktslag. Dette gir musikken den karakteristiske hoppande rytmen. Refrenget til songane blir synge to- eller trestemt med ei stemme over melodistemma. Religiøse songar blei ofte sunge firstemt, berre med gitar som akkompagnement og eit lite mandolinmellomspel.

Denne musikken fekk raskt etterliknarar og stilen blei kjend som bluegrass etter namnet på bandet til Monroe. Nye grupper var Stanley Brothers og Lester Flatt & Earl Scruggs som braut med Monroe og starta sitt eige band. Særleg banjospelet til Earl Scruggs er karakteristisk og blei skuledannande for musikkstilen.

I dei første tiåra av historia til sjangeren var så godt som alle musikarane i sjangeren innom The Bluegrass Boys, men droppa snart ut, fordi dei ikkje kunne klare det harde programmet til Bill Monroe. Dei lærte likevel tilstrekkeleg til at dei kunne starte sine eigne band, og snart var det mange band som utøva denne fornyinga av den gamle oldtimemusikken.

Som den ordinære countrymusikken opplevde bluegrassen ei krise då Elvis Presley i 1954 slo gjennom og sette i gang rock and roll-bølgja. Dei unge kasta seg over den nye musikken, og musikken til dei umoderne hilbillyane blei spådd ein snarleg død. Ironisk nok var Bill Monroe mannen bak låta «Blue Moon of Kentucky» som Elvis Presley tolka på den første singelutgjevinga si på Sun Records i 1954.

Takka vere folkemusikkbølgja på starten av 60-talet blei bluegrassen likevel dratt fram i lyset igjen på dei store folk-festivalane. Ein ny generasjon av unge tok musikken til seg og i løpet av 60-talet tok ein songar frå folk-området skrivne av Bob Dylan, Tom Paxton, Gordon Lightfoot og liknande til seg. Og sidan gjenvann han ein viss popularitet i 1967 gjennom Earl Scruggs sitt banjonummer «Foggy Mountain Breakdown» i filmen Bonnie and Clyde, ei historie som gjentok seg i 1972 med gitar-banjoduetten «Duelin' Banjos» i «Piknik med døden».

Seinare fornyingar[endre | endre wikiteksten]

Sjangeren sjølv blei dyrka av ungdomsopprøret som ein musikk frå folket, og mange av dåtidas rockmusikarar spelte han ved sida av rocken, til dømes Jerry Garcia og Clarence White. Dette sette også eit preg på sjangeren, og det oppstod ein ny stil kalla newgrass etter bandet Newgrass Revival. Gitaren blei meir og meir brukt som soloinstrument med ein teknikk kalla flatpicking.

Mange av dei gitaristane som no skulle utvikla ein solostil som passa til den akustiske gitaren hadde sigøynarjazzgitaristen Django Rheinhart som førebilde, og ein fusjon av jazz og bluegrass utvikla seg med folk som Tony Rice og David Grissman som foregangsmenn. Dette opna vegen for fleire eksperiment der ein tok inn element frå ulike typar etnisk musikk. Til og med klassiske element blei tatt i bruk. Som alltid når ein eksperimenterer med ein sjanger vil stilen endra seg frå utgangspunktet. Derfor oppstod snart termen new acoustic som fellesnemning for desse eksperimenta. I dag lever både tradisjonell og meir progressiv bluegrass stadig, side om side med den nyare sjangeren new acoustic.

Bluegrass i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har musikarar som Øystein Sunde, særleg i gruppa Christiania Fusel & Blaagress, og Norsk Bluegrassforening vore ivrige fremjarar av musikkstilen. Det finst festivalar som Langesund bluegrassfestival og Risør bluegrassfestival.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]