Blyantkvessar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blyantkvessar

Ein blyantkvessar er ein reiskap til å kvesse blyantar med.

Han blei funne opp lenge etter at blyanten blei teken i bruk. Før brukte ein kniv til til å spikka sidene av blyantenden for å gjera han kvass. Blyantkvessaren gjorde jobben enklare og gav eit jamnare resultat.

Den franske matematikaren Bernard Lassimone var den første som søkte om patent på blyantspissarar, i 1828. I 1847 fann Therry des Estwaux opp den handdrivne blyantspissarkverna. Det er usikkert kven som først fann opp den elektriske blyantspissaren, men det kan ha vore New York-firmaet Hammacher Schlemmer som først byrja å selja slike tidleg på 1940-talet etter at Raymond Loewy hadde oppfunne han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Blyantkvessar
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.