Blyfjorden

Koordinatar: 69°7′13.822″N 16°53′4.6068″E / 69.12050611°N 16.884613000°E / 69.12050611; 16.884613000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°7′13.822″N 16°53′4.6068″E / 69.12050611°N 16.884613000°E / 69.12050611; 16.884613000 Blyfjorden er ein fjordarm av Selfjorden i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 3 km søraustover til botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Dovneset i vest og Okseneset i aust. Det er ingen busetnader eller vegsamband langs fjorden. Fjorden er omgjeve av høge fjell. På austsida ligg Oksen på (743 moh) og Oksehornet (705 moh). Frå botn av fjorden stig Botntinden opp til 755 moh. På vestsida ligg Senjahesten på 796 meter over havet.