Bmahray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bmahray
بمهريه
landsby
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Aley distrikt
Høgd 1 215 moh.
Koordinatar 33°45′28.2564″N 35°43′4.929″E / 33.757849000°N 35.71803583°E / 33.757849000; 35.71803583
Areal 23,6 km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Bmahray
33°45′28″N 35°43′05″E / 33.757849°N 35.71803583°E / 33.757849; 35.71803583
Wikimedia Commons: Bmahray

Bmahray (òg kalla Bmohray) er ein landsby i Aley distrikt i Libanon. Han ligg 41 km søraust for Beirut i ei høgd på 1215 meter over havet.[1]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Bmahray er hovudsakleg maronittisk med grupper av drusarar og gresk-katolikkar. I kommunevalet i 2010 var det registrert 1018 veljarar.,[2] I landsbyen står St. Georg maronittiske kyrkje og ein drusisk khalwa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bmahray ligg på vestsida av Libanonfjella. I følgje det nasjonale utviklingssenteret (Localiban) hadde landsby eit totalt kommuneareal på 23,6 kvadratkilometer.[1]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Bmahray har ruinar av romerske monument og ein steinsarkofag.[3]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Før den libanesiske borgarkrigen var hovudnæringsvegen til landsbyen hagebruk, særleg epledyrking. Mangelen på vatn til kunstig vatning har gjort at dette ikkje har vore mogeleg å ta opp att desse næringsvegane.[3]

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Bmahray var ein av dei første landsbyane som vart ein del av Shouf seder biosfærereservat. Her finst ein million kvadratmeter med sedertre og minst tre millionar kvadratmeter med furutre.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Centre de ressources sur le développement local au Liban. «Bmahray». Centre de ressources sur le développement local au Liban. Henta 21. august 2014. 
  2. «الإنتخابات البلدية والاختيارية 2010» (PDF) (på arabisk). information-international. Henta 21. august 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Bmohray». shoufcedar. Arkivert frå originalen 17. oktober 2013. Henta 21. august 2014.