Boar's Head Carol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melodien til «A Carol Brynging in the Bore's Heed»
Mann med pynta villsvinhovud.

«Boar's Head Carol» er ein julesong frå England på 1400-talet. Songen skildrar eit villsvinhovud som blir servert med ulike krydder og sennep til ein julefest. Han har makaronisk tekst med vers på engelsk og refreng på latin. Teksten blei opphavleg gjeven ut som «A Caroll bryngyng in the bores heede» i Wynkyn de Worde si julesongsamling Christmasse Carolles i 1521. Det finst også fleire andre versjonar.[1]

Villsvinmåltid måla av Barthélémy l'Anglais på 1400-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Villsvin var ein vanleg rett ved større gjestebod i mellomalderen, og blei mellom anna servert ved ei kroning av ein av Henrik II sine søner, ved giftarmålet mellom Margaret Tudor og Jakob IV av Skottland. Under dronning Elisabet I var det vanleg julemat i høgare samfunnslag. Både jakt på dyra og servering av dei var særskild knytt til vintertida. Villsvinjakt ved nyttår blir mellom anna skildra i Kong Arthur-forteljinga Sir Gawain and the Green Knight frå 1300-talet. Villsvin hadde elles ei viktig symbolsk tyding i eldre germansk tradisjon. Bruk av villsvinhjelmar er skildra i diktet Beowulf, og ein slik hjelm var også med i Sutton Hoo-funnet. Folkeminneforskarar har også sett mellomaldermåltidet i samanheng med førkristen midtvinterofring av svin til grødegudar som Frøy.[2]

«Boar's Head Carol» og fleire liknande songar tyder på at serveringa av villsvinhovud gjekk føre seg på seremonielt vis. Men ville villsvin blei utrydda i Storbritannia i løpet av mellomalderen, og retten blei mindre vanleg. Tradisjonen med å servera svinehovud med rituale og song til har likevel halde seg i fleire hundreår ved Queen's College i Oxford. Her blir framleis «Boar's Head Carol» framført ved den tradisjonelle julefesten Boar's Head Gaudy. Ei lokal soge knyter opphavet til skikken til ein student som skal ha frakta tilbake hovudet av eit villsvin han hadde drepe ved å køyra ei bok av Aristoteles inn i kjeften på det.[3]

Moderne bruk[endre | endre wikiteksten]

Framberinga av svinehovudet i 1873.

Ved Queen's College held ein Boar's Head Gaudy årleg i tida før jul (tidlegare på første juledag) for professorar, utvalde tidlegare studentar og gjester. Etter bordbøn blir det spelt ein trompetfanfare før svinehovudet på eit sølvfat blir bore inn av fire menn, følgd av fakkelberarar og eit kor som syng refrenget av «Boar's Head Carol». Opptoget stopper opp for kvart vers, som blir sunge av ein solist.[4]

Seinare har også fleire andre universitet og høgskular teke i bruk juleskikken, både i Storbritannia og USA. «Boar's Head Carol» blir også gjerne framført ved historiske middagstilstellingar kjend som «madrigal dinners» i USA.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Tekst frå 1521

Caput afri differo
Reddens 'laudes' domino.
The bores heed in hand bring I,
With garlans gay and rosemary,
I pray you all synge merely
Qui estis in convivio.
The bores heed, I vnderstande,
Is the 'chefe' seruyce in this lande;
Loke, where euer it be fande,
Seruite cum cantico.
Be gladde lordes, both more and lasse,
For this hath ordeyned our stewarde
To chere you all this Christmasse,
The bores heed with mustarde.

Nyare versjon frå Queen's College

The boar's head in hand bear I,
Bedeck'd with bays and rosemary;
And I pray you, my masters, be merry,
Quot estis in convivio
Caput Apri defero
Reddens laudes Domino.
The boar's head, as I understand,
Is the rarest disk in all this land,
Which thus bedeck'd with a gay garland,
Let us servire cantico.
Caput Apri defero
Reddens laudes Domino.
Our Steward hath provided this
In honour of the King of Bliss;
Which on this day to be served is
In reginensi Atrio.
Caput Apri defero
Reddens laudes Domino.

Omsetjingar:

  • Caput apri defero: 'Hovudet åt villsvinet byd eg'
  • Reddens laudes Domino: 'Prisar Herren'
  • Quot estis in convivio: Så mange som er i dette gildet
  • Servire cantico: 'servera med song'
  • In Reginensi atrio: I dronningas hall (viser til namnet Queen's College)

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Husk, William Henry. Songs of the Nativity Being Christmas Carols, Ancient and Modern. London: John Camden Hotten, 1868, gjentrykk av Norwood Editions, Norwood, PA, 1973. Digitalisert og annotert ved A Treasury of Christmas Carols: The Hymns and Carols of Christmas
  2. Spears, James E. Folklore, Vol. 85, No. 3. (Autumn, 1974), pp. 194-198. JSTOR. Krev abonnement.
  3. Selander, Helen Wilcox, The Legend of The Boar ved mymerrychristmas.com
  4. Boar's Head Carol. Christmas-Carols.org.uk. Accessed December 8th 2009