Boarsvineblom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Boarsvineblom | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Orden: | Asterales | |
| Familie: | Asteraceae | |
| Underfamilie: | Asteroideae | |
| Tribus: | Senecioneae | |
| Slekt: | Senecio | |
| Art: | ''S. inaequidens'' | |
| Vitskapleg namn | ||
| Senecio inaequidens | ||
Boarsvineblom ( Senecio inaequidens) er ein opptil 60 cm høg plante med gule, prestekrageliknande blomstrar. Han høyrer naturleg heime i høglandet i Sør-Afrika.
Boersvineblomen er giftig for dyr og menneske, og beitedyr unngår han til vanleg. Likevel er det meldt om at beitedyr har døydd etter å ha ete planten.
Spreiing til Europa [endre]
Boarvineblomen kom til Europa gjennom eksport av saueull. Boarsvineblomen har sidan 1980 spreidd seg massivt på industriområde og langs vegkantar i Tyskland. I 1995 vart planten funnen i Noreg, på eit jarnbanespor i Oslo. Sidan er han påsvist i fleire kommunar, mellom anna på eit industriområde på Lista.