Bob Dylan's Greatest Hits
| Bob Dylan's Greatest Hits Samlealbum av Bob Dylan |
||
| Utgjeve | mars 27, 1967 | |
| Innspelt | 1962–1966 | |
| Sjanger | Folk, rock | |
| Lengd | 40:21 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | John H. Hammond, Tom Wilson, Bob Johnston | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Bob Dylan-kronologi | ||
| Blonde on Blonde (1966) |
Bob Dylan's Greatest Hits | John Wesley Harding (1967) |
Bob Dylan's Greatest Hits er det åttande albumet til Bob Dylan på Columbia Records. Det nådde 10. plass i USA og 3. plass i Storbritannia og selde 5x platina i USA. Det gjer albumet til eit av hans bestseljande.
Greatest Hits var første albumet sidan Blonde on Blonde i mai 1966 og den kjende motorsykkelulukka hans same sommaren. Dylan hadde vore stille sidan ulukka og det var ingen nye innspelingar på veg. Columbia trengte eit nytt produkt for å utnytte populariteten Dylan no hadde oppnådd.
Dette var òg den første singelsamlinga til Dylan i 1960-åra, sidan alle utanom tre songar hadde vore gjevne ut som singlar i USA.
Biletet på omslaget vart teken av Rowland Scherman på ein konsert 28. november 1965 i Washington, D.C.. Albumet fekk ein Grammy-pris i 1967 for «Beste bilete på plateomslag». Sjølv om Dylan visstnok mislikte omslaget, vart det valt ut eit liknande bilete frå Concert for Bangladesh i 1971 for Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II, ei samling som Dylan hadde langt meir kontroll over sjølv.
Albumet vart nymastra i 1997 og gjeve ut på ny. Denne utgåva inneheldt ein litt anna miks av «Positively 4th Street». I 2003 vart dette albumet gjeve ut i lag med to andre Dylan-samlingar som boksen Greatest Hits Volumes I-III.
[endre] Innhald
Alle songar er skrivne av Bob Dylan.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Rainy Day Women #12 & 35» | ||||||||
| 2. | «Blowin' in the Wind» | ||||||||
| 3. | «The Times They Are A-Changin'» | ||||||||
| 4. | «It Ain't Me Babe» | ||||||||
| 5. | «Like a Rolling Stone» | ||||||||
| 6. | «Mr. Tambourine Man» | ||||||||
| 7. | «Subterranean Homesick Blues» | ||||||||
| 8. | «I Want You» | ||||||||
| 9. | «Positively 4th Street» | ||||||||
| 10. | «Just Like a Woman» | ||||||||
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bob Dylan's Greatest Hits» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2010.