Bob Marley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bob Marley opptrer i Dalymount park i Dublin, 6. juli 1980.

Robert Nesta «Bob» Marley (fødd 6. februar 1945 på Jamaica, død 11. mai 1981 i Miami i Florida) var ein jamaicansk songar, gitarist og komponist, truleg den fremste representanten for reggae i verda. Han var også ein sterk talsmann for rastafari-trua. Han er opphavsmann til svært mange reggae-hits, som «Get Up, Stand Up», «I Shot the Sheriff» «Buffalo Soldier», «No Woman, No Cry» og «Redemption Song».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Bob Marley var Norval Marley og Cedella Malcolm, som gifte seg i 1944. Cedella var då ein 17-årig afro-jamaicanar, medan faren var ein 60 år gamal kvit jamaicanar med britisk herkomst, og paret fekk ingen fleire born. [1] Bob Marley vart fødd på garden til morfaren på Nine Mile i Saint Ann fylke på Jamaica. Faren støtta familien økonomisk, men var mykje ute på reise og døydde av hjarteinfarkt då Bob var ti år gamal.

Neville Livingston (seinare kjend som Bunny Wailer) var ein av barndomsvenene til Bob frå Nine Mile. Dei to hadde allereie begynt å laga musikk saman på barneskulen. Cedella Marley flytte saman med faren til Neville, Thadeus Livingston til Trenchtown i hovudstaden Kingston. Bob og Neville budde no i same huset, og fekk mykje musikalsk inspirasjon i hovudstaden. Her blei dei også kjende med Winston Hubert McIntosh (Peter Tosh), Junior Braithwaite og Beverley Kelso og danna bandet The Wailers om lag i 1963. 3 år seinare hadde fleire medlemmar forlate bandet, og The Wailers var no ein trio beståande av Bob Marley, Bunny Wailer og Peter Tosh.

The Wailers hadde fleire store hits på Jamaica i 1960-åra. I denne perioden gifte Bob seg med Rita Anderson i 1966, og konverterte til rastafaritrua som han hadde blitt meir interessert i etter å ha flytta vekk frå mora, som var katolikk.

Internasjonal merksemd[endre | endre wikiteksten]

Bob Marley under konserten i Dalymount Park i Dublin, 6. juli 1980.

I 1972 signerte Bob Marley platekontrakt med CBS Records, og The Wailers la ut på turné i Storbritannia saman med countrysongaren Johnny Nash. Undervegs spurte bandet om dei kunne bli satt i kontakt med produsenten Chris Blackwell, som tidlegare hadde jobba med Jimmy Cliff. Dette gjekk i orden, og Blackwell uttalte seinare følgjande om møtet:

«Eg hadde arbeidd med rock, som verkeleg var opprørsmusikk. Eg følte at det verkeleg ville vera måten å bryta veg for jamaicansk musikk på. Men du trong nokon som kunne vera det imaget. Då Bob gjekk inn, så var han verkeleg det imaget.»

Då The Wailers returnerte til Jamaica, gjekk turen til studio, der dei spelte inn plata Catch a Fire. Plata vart utgjeven på den internasjonale marknaden på Island Records. [2] Året etter kom oppfølgjaralbumet Burnin', der hitsa «Get Up, Stand Up» og «I Shot The Sheriff» var med. Eric Clapton spelte inn ein tidleg coverversjon av «I Shot The Sheriff» allereie same året, som gjekk til topps på billboardlista i september. I 1974 skilde The Wailers-trioen lag og prøvde lukka som soloartistar. I Bob Marleys vidare karriere, heldt han likevel fram med å bruka merkenamnet Bob Marley and The Wailers. Det neste albumet hans, Natty Dread (1974), vart innspelt med bakgrunnsvokalar av The I-Threes, som bestod av Judy Mowatt, Marcia Griffiths og kona Rita Marley. Albumet inneheldt mellom anna «No Woman, No Cry» og «War».

I 1976 vart Bob og Rita Marley og manageren Don Taylor skotne av ukjende væpna menn som hadde gøymt seg inni heimen deira. Åtaket skjedde to dagar før gratiskonserten Smile Jamaica, som skulle forsøkja å letta spenninga mellom dei to motståande politiske partia på øya. Skytinga var difor truleg politisk motivert. Rita Marley og Don Taylor fekk dei største skadane, men vart seinare heilt friske att. Bob Marley heldt konserten som planlagt likevel, og då han vart spurt kvifor, svara han: «Folka som prøver å gjera denne verda verre, tar ingen fridagar. Korleis kan eg gjera det?»

På slutten av 1976 reiste Bob Marley til NassauBahamas, der han blei ein månads tid, før han reiste til London og blei der i to år. Herifrå spelte han inn platene Exodus (med «Jamming» og «People Get Ready») og Kaya (med «Sun Is Shining» og «Is This Love»). Ved eit høve under opphaldet i London blei han også arrestert for å ha ei lita mengd med cannabis på seg.

Då han vendte tilbake til Jamaica i 1978, spelte han på ein ny konsert som skulle roa dei politiske gemyttane, nemleg One Love Peace Concert. På slutten av opptredenen sin fekk Marley leiarane for dei to respektive partia, (Michael Manley og Edward Seega) til å koma opp på scenen og handhelsa på kvarandre.

I 1979 gav Marley ut Survival, eit svært politisk ladd album, med sterk støtte til afrikanske land. Det siste albumet han rakk å gje ut, var Uprising (1980), det mest religiøse av albuma hans. Det inneheld songar som «Redemption Song» og «Forever Loving Jah».

Sjukdom og død[endre | endre wikiteksten]

Bob Marley held konsert i Zürich i 1980.

Allereie i 1977 hadde det blitt oppdaga eit malignt melanom (kreft) under tånaglen til Bob Marley. Legane rådde han til å amputera vekk tåa, men Marley nekta på religiøst grunnlag. I staden vart naglen og naglesenga fjerna, og det vart teke hud frå låret hans til å dekkja over såret. Trass i kreftsjukdommen heldt han fram med å halda konsertar, og i 1980 var han i planleggingsfasen av ein verdsturné. Den største konserten han hadde det året var då han og bandet spelte for 100 000 menneske i Milano. Den siste konserten han hadde nokonsinne, var i Pittsburgh i Pennsylvania, USA i september 1980.

4. november 1980 fekk Bob Marley ein kristen dåp av ein erkebiskop i den etiopisk-ortodokse kyrkja i Kingston på Jamaica.

Kort tid etter konserten gjekk det raskt nedover med helsa hans, av di kreften hadde spreidd seg. Resten av turnéen vart avlyst, og Marley reiste snart til Bayern for å prøva ein alternativ behandlingsmetode hos legen Josef Issels. Metoden bestod i å avstå frå visse typar mat, drikke og andre stoff. Etter å ha kjempa mot kreften i Bayern i åtte månader utan hell, sette Bob Marley seg på eit fly for å reisa heim til Jamaica. Under denne flyturen vart livsfunksjonane hans stadig dårlegare, og etter å ha landa i Miami i Florida, vart han teken på sjukehuset med ein gong. Den 11. mai 1981 døydde han der, 36 år gamal. Dei siste orda han sa til sonen Ziggy, var: «Pengar kan ikkje kjøpa livet».

Bob Marley fekk ei statleg gravferd på Jamaica den 21. mai, den kombinerte element frå etiopisk ortodoksi og rastafari-tradisjon, der statsministeren heldt den siste minnetalen. Bob Marley vart gravlagt i eit kapell nær heimstaden sin, saman med gitaren sin. Han etterlét seg elleve kjende born.

I 1983 kom den siste studioplata til Bob Marley ut posthumt, Confrontation. Denne inneheld den kanskje aller best kjende songen hans, «Buffalo Soldier». Det er skrive fleire biografiar om han, m.a. Bob Marley: An Intimate Portrait by His Mother (1996) av Cedella Booker og No Woman No Cry: My Life With Bob Marley (2004) av Rita Marley. [3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • The Wailing Wailers (1965)
  • Soul Rebels (1970)
  • Soul Revolution (1971)
  • The Best of the Wailers (1971)
  • Catch a Fire (1973)
  • Burnin' (1973)
  • Natty Dread (1974)
  • Rastaman Vibration (1976)
  • Exodus (1977)
  • Kaya (1978)
  • Survival (1979)
  • Uprising (1980)
  • Confrontation (1983)

Livealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Live! (1975)
  • Babylon By Bus (1978)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]