Bob Mathias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bob Mathias

Statsborgarskap USA
Fødd 17. november 1930
Tulare
Død

2. september 2006 (75 år)
Fresno i California

Yrke politikar, fjernsynsskodespelar, friidrettsutøvar, offiser, tikjemper
Språk engelsk
Høgd 1,90 meter
Politisk parti Det republikanske partiet i USA
Bob Mathias på Commons
Bob Mathias i 1953

Robert Bruce Mathias, kjend som Bob Mathias, (19. november 19302. september 2006) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar og politikar, fødd i Tulare i California. Han vart olympisk meister i tikamp både i 1948 og 1952.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Mathias byrja med med mangekamp i 1948, og kvalifiserte seg til Sommar-OL 1948 i London. I London viste han seg, 17 år gammal, som bestemann i tevlinga og vann tikamp-øvinga med 165 poengs margin til sølvvinnaren, Ignace Heinrich frå Frankrike. Han var tidenes yngste vinnar av OL-gull i friidrett til vesttyske Ulrike Meyfarth vann høgdehopp under München-leikane i 1972.

Fire år etter triumfen i London vann Mathias ein ny gullmedalje då Sommar-OL 1952 vart avvikla i den finske hovudstaden Helsinki. Med 7 887 poeng og ny verdsrekord var han i ei heilt eiga klasse, andremann Milt Campbell stoppa på 6 975 poeng. Etter Helsinki-OL la han opp som idrettsutøvar.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1967 til 1975 representerte Mathias Det republikanske partiet California i Representanthuset i Washington D.C. Ved valet i 1974 tapte han for den demokratiske kandidaten i valkrinsen.

Mathias døydde i Fresno i California.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]