Bodø domkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bodø Domkyrkje)
Bodø domkyrkje
domkyrkje
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bodø
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Bodø Domprosti
Sokn Bodø domsokn
Fellesråd Bodø
Periode Funksjonalisme
Arkitekt Gudolf Blakstad og
Herman Munthe-Kaas
Material Betong
Innvigd 1956
Tårn Frittståande klokketårn,
36 meter
Døypefont marmor, 1956
Sitjeplassar 890
Diverse Freda i 2002. Glasmåleri av Aage Storstein og Borgar Hauglid
Kart
Bodø domkyrkje
67°16′57″N 14°22′56″E / 67.2824°N 14.3821°E / 67.2824; 14.3821
Wikimedia Commons: Bodø domkirke

Bodø domkyrkje er hovudkyrkja i Sør-Hålogaland bispedømme og den største kyrkja i Bodø. Ho vart teikna av Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas og stod ferdig i 1956. Ho vart freda i 2002.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Interiør
Altar

Kyrkja er bygd i betong og har ein basilikaform. Ho har eit frittståande klokketårn som er 36 meter høgt og som rømmer tre klokker. Desse har inskripsjonar frå Mark. 10:14, Matt. 11:28 og Matt: 25:34. Kyrkja har ein ytre skulptur som førestiller Petter Dass, laga av Kristoffer Leirdal.

I to tilbygg til kyrkja er det forsamlingssalar og ei kombinert kontor- og bustadfløy. Dei tre delane er sett i rett vinkel på kvarandre og vert lågare med aukande avstand frå dei sentrale delane av kyrkja.

Interiør og utsmykking[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er ei langkyrkje, men også ei av dei første arbeidskyrkjene. Ho har eit midtskip med kvelv og to sideskip på kvar side.

Ved koret er eit korgitter av betong med ei skulpturgruppe som framstillet Jesuskrossen, Maria og Johannes som er laga av Kristoffer Leirdal og Tone Thiis Schjetne. Over altaret i austveggen er der eit 12 meter høgt glasmåleri. Det er utforma av Åge Storstein og utført av Borgar Hauglid. Galleribrystningen er dekorert i gull, raudt og blått. Kyrkja har 12 stolar i gyllenlær og 10 ryer lagde av Sigrun Berg.

Klokketårnet[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har eit frittståande klokketårn på 36 meter med eit minnesmerke over Bodøs falne under andre verdskrigen: «Til de fra Bodø som gav sitt liv for Norge under krig og okkupasjon 1940 – 1945. Ingen nevnt, ingen glemt»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at gamlekyrkja som resten av Bodø sentrum vart bomba 27. mai 1940, planla NS-styresmaktene eit partihus på tomta. Etter freden vart det halde ein arkitektkonkurranse om ny kyrkje. Denne vart vunnen av arkitektane Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas med utkastet "Kathedral". Grunnsteinen vart lagt ned i 1954 og kyrkja vart vigsla av biskop Wollert Krohn-Hansen i 1956.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kristoffersen, Sigrid Fløttum: Bodø domkirke - et monumentalbygg fra gjenreisingstiden. Hovudfagsoppgåve i kunsthistorie, Universitetet i Bergen 1990.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]